Stiftinga Telemarkfestivalen hadde årsmøte onsdag 25. januar. Som seg hør og bør stod sakar som behandling av årsrapport og val av nytt styre på agendaen. I tillegg fekk dei frammøtte vere dei aller første til å høyre meir om festivalens spennande planar for 2017.

Foto over: Gro B. Røiland/Bø blad 

Ny styresamansetting

På årsmøte takka Terje Kili for seg etter tre år som styreleiar for Telemarkfestivalen. Ny styreleiar er Marit S. Svalastog som er eit kjend namn innan forskjellige utviklingsprosjekt i Midt-Telemark – gjerne med kultur og tradisjonar som eit bakteppe. – Festivalen er heldig som har fått Marit som styreleiar. Ho har mykje erfaring med etablering og utvikling av kulturprosjekt, som til dømes «Fruktbygda» der ho har lagt ned eit imponerande arbeid, seier dagleg leiar for festivalen, Kristoffer Mosfjeld. Kristian W. Rantala tek ein ny periode som nestleiar, medan Mari Torvik Heian og Else Børte vart vald inn som nye styremedlemmar. Morten Danielsen og Feras Ayob vart vald inn som varamedlemmar. Gunn Kristin Leikvoll var ikkje på val og sit vidare. – Som dagleg leiar er eg veldig nøgd med styresamansettinga. Her er det mykje og variert kompetanse som eg trur vil komme Telemarkfestivalen til gode i arbeidet med å lage ei ny form for festivalen, seier Mosfjeld.


Nye datoar

Telemarkfestivalen har vald å bytte datoar nok ein gong for 2017-festivalen. – Det er ikkje noko me gjer for moro skuld, men etter å ha evaluert fjorårets festival kom me fram til at desse datoane diverre ikkje var optimale for oss, og at det difor var naudsynt med enda eit datobytte, seier Mosfjeld. Etter mykje drøfting att og fram landa Telemarkfestivalen på datoane 28 – 30. juli. Det er på same datoar som Countryfestivalen i Seljord og sommarmesse i Telemarkshallen. – Me vurderte det slik at Telemarkfestivalen og Countryfestivalen har ganske forskjellige målgrupper, og at konkurransen difor vil vere minimal samanlikna med andre festivalar i området i same tidsrom. Med tanke på sommarmessa i Telemarkshallen ser Mosfjeld berre fordelar. – Eg ser eit stort potensiale for samarbeid med messa, slik at båe arrangement vert eit flott tilbod til glede for både bøheringer, telemarkingar og andre tilreisande som då kan besøke messa om dagen, og så ta seg ein tur på festival på kvelden, seier Mosfjeld!

 

Nye planar

Frå å ha spreidd festivalen over totalt 11 arenaer over heile i Bø i fjor, så ønskjer Telemarkfestivalen no å i større grad samle festivalen på eit større og meir oversiktleg festivalområde. Dette festivalområdet vil finne stad mellom Bø torg, Evjudalen og – sjølvsagt Gullbring kulturanlegg. – Eg vonar og trur at desse grepa vil gjere at me kan presentere ei meir heilskapleg festivaloppleving for publikum og artistar, samt vere meir synleg i bygdebiletet.
Ønskjereprise med «Nivelkinn»

Telemarkfestivalen er allereie godt i gong med programmeringa av årets festival, og Mosfjeld meiner at ei slik samling av festivalen opnar for å kunne presentere eit meir mangfaldig program til eit meir talrikt publikum på same stad. – På Gullbring vil ein til dømes kunne få vakre og intime konsertopplevingar i kinosalen før ein gjeng ut i Gullbring Amfi for meir livlege konsertar frå hovudscenen. Ein av dei livlege konsertane vil Odd Nordstoga med band stå for. – Odd er Noregs leiande artist, ferdig snakka, og det er alltid stor stas når han besøker festivalen med «Bøsongen» i bagasjen!

Det er også duka for ei ønskjereprise som Mosfjeld trur vil vere svært populær. – Eg har heilt sidan eg kom til Bø høyre folk kviskre andektig om «Nivelkinn» som ein av dei mest legendariske konsertane på festivalen nokon sinne. «Nivelkinn» er ein diktsyklusen av Aslaug Vaa som Odd Nordstoga og Øyonn Groven Myhren sette tonar til og framførte på Telemarkfestivalen i  2001. Konserten vart spelt inn og gitt ut plate, og i 2002 vart plata smykka med Spellemann.

 

Obs! Billettar til årets festival vert lagt ut for sal via Gullbring kulturanlegg frå 1. mai!

 

128-83mm_annonse_2016-Programfolder-page-001

 LES MEIR OM BETALING VIA MCASH HER!