Telemarkfestivalen hadde frå dag éin satsa på å både vera internasjonal og å ha med unge musikarar. Og når det gjeld det siste har det særleg vore nordisk ungdom som har delteke.  I 1992 var den fyrste ungdomskonserten med utøvrarar frå tre nordiske land, Finland, Sverige og Noreg, konserten fann stad på Liabygget i Bøgata. Frå Finland kom gruppa Angelin Tytöt, tre dyktige samjenter frå landsbyen Angeli ved Enaresjøen i Nord-Finland. I tillegg til nordisk ungdomskonsert deltok Angelin Tytöt også i ein internasjonal kvedarkonsert på Sandvin dette året.

I førehandsomtalen heitte det mellom anna at dei tre samejentene hadde opptredd saman sidan dei var 10 år, dvs 1982. Frå den tida heldt dei saman og framførte joik for eit stadig større publikum. Dei framførte tradisjonelle joikar, men begynte tidleg å komponere sine eigne joikar og ”joiksongar” i tradisjonell stil. Men i tillegg til joiken bruka dei tromme og gitar. Vidare heitte det at gruppa sto på terskelen til ei karriere i Finland, men at dei òg alt hadde gjort seg gjeldande i Noreg, takka vera ”jungeltelegrafen”. Dei hadde vore i studio våren 1992 og at albumet skule sleppast i løpet av året. Slik sett kan ein seie at Telemarkfestivalen her trefte godt i høve til å fange opp det ein med eit engelsk uttrykk kallar ”up and coming” artist! Det kan elles nemnast at kontaktperson og den som skreiv under kontrakten var Sari Kaasinen, ho kom til Telemarkfestivalen sjølv året etter, som frontfigur i den suksessrike finske gruppa Värttinä.

Dei tre småvokste jentene sjarmerte alle i sine fargerike samiske drakter, Henning Johansen, journalist i TA skreiv dette: ”Man sitter igjen med sin egen lille favorittforestilling. Så også denne gang. Angelin Tytöt er navnet på gruppa joikere fra finsk lappland. Tre jenter i nasjonaldrakt, med trommer, gitar og flotte stemmer. Og ikkje minst stor spilleglede og musikalitet”. Og sjølve er dei siterte i same avis, om korleis dei opplevde festivalen: ”Fantastisk. Det er så mye fin musikk å høre og så mange hyggelige mennesker.”

Korleis har det gått med desse artistane i ettertid? Ulla Pirttijärvi er kan hende den som har gjort størst suksess, i alle fall i norsk samanheng. Ho forlet Angelin Tytöt etter relativt stutt tid for å dyrke si eiga solokarriere. Ho har gjeve ut fleire soloalbum , der ikkje minst komponist og musikar Frode Fjellheim har stått sentralt. Han har òg brukt henne på fleire av sine plateprosjekt, blant anna Aejlies Gaaltje som han fekk Spellemannprisen for. Frå 2016 er Ulla Pirttijärvi tilsett som fylkesjoikar i Troms fylke, ei stilling som Inga Juuso hadde tidlegare. For tida turnerer ho med si eiga gruppe Ulda.

Ulla Pirttijärvi

Angelin Tytöt skifte etterkvart ut namnet til berre Angelit og har hatt fleire ulike medlemmer opp gjennom åra. Dei har fleire CD-utgjevingar bak seg, og ifylgje Wikipedia kom den siste i 2003. Men dei to systrene ser ut til å utgjere kjernen i gruppa framleis, dei har si eiga facebook-side og er heilt tydleg aktive på musikkfronten også i 2017.

Angelin Tytöt

 

Tekst: Kjell Bitustøyl

I serien «Skattar frå arkivet» vil Telemarkfestivalen samarbeid med Folkemusikkarkivet Telemark ta eit dykk i arkivet og presentere utvalde opptak frå tidlegare utgåver av festivalen. Me trur det er mange som vil bli glade for å høyre opptaka – anten ein var der under sjølve konserten eller om ein høyrer dei for fyrste gong. Opptaka har som formål å spegle mangfaldet av utøvarar og uttrykk som har vore i programmet til Telemarkfestivalen sidan starten i 1990.