Tingingskonserten har fått namnet «Langsmed Straumen». Straumen er den delen av Telemarkvassdraget som renn frå Flåbygd til Vrangfoss. I tingingskonserten får me høyre nylaga viser som er dikta på bygdemålet som blei bruka langsmed Straumen i 1930-åra. Livet langsmed Straumen er også tema i visene som spennar frå det lyse og positive til det ettertenksame og stemningsfulle.

 

Syng på lokal dialekt

Det er ei aukande interesse for bygdemålet i Lunde og Flåbygd. Det er ein dialekt som liknar på dialekta i Bø, men som også har fellestrekk med talemålet i Holla og Grenland. Interessa har blitt aktualisert av flåbygdingen Halvard Kårsteins dokumentasjon av talemålet i samlinga -”Flåbygd-målet, slik eg hugsar det frå 1930-og 1940-åra”. – Eg har alltid synast at språk og dialektar er interessant, og det er flott om eg kan bidra til å halde Lunde-dialekta ved like med desse nye visene, seier Halvorsen. Telemarkfestivalen er inne i sitt 28 år og har ei brei forankring i lokalbefolkninga. Festivalen har gjennom åra hatt på programmet ei lang rad med artistar som syng på norsk og gjerne på dialekt. – Det har vore mykje fokus på å dyrke lokal kultur, lokale tradisjonar og lokale dialektar, seier dagleg leiar Kristoffer Mosfjeld.

 

Gamalt møter nytt

Den tradisjonelle kvedarstilen til Halvorsen vil gje assosiasjonar til gamal og lokal musikk, medan sjølve melodiane vil vere eigenkomponerte eller basert på folketonar frå Lunde eller andre plassar i Telemark. – Eg likar å ta utgangspunkt i tradisjonelt materiale når eg skriv ny musikk, seier Halvorsen – noko som harmonerer godt med Telemarkfestivalens musikalske profil i følgje Mosfjeld. – Me bruker å seie at den tradisjonelle folkemusikken gjerne møter meir moderne tilnærmingar på Telemarkfestivalen – noko som kan omtalast som forvaltning via fornying!

 

Musikarar frå øvste hylle

Når Halvorsen skal framføre dei nye visene på tingingskonserten, så har han framifrå musikarar i ryggen. Fersk Spelemannpris-vinnar og multimusikar Anders Røine er med på diverse strengeinstrument, Sondre Meisfjord på bass, Christian Svensson på perkusjon – og ikkje minst Halvorsens musikalske ven gjennom 15 år og gitarekvilibrist, Tore Bruvoll. Bruvoll er tidligare student i Bø og fast medlem i gruppa Hekla Stålstrenga. Tingingskonserten vil finne stad fredag 28. juli kl 21:00 i Kinosalen i Gullbring kulturanlegg. Førre gang det var eit tingingsverk i kinosalen vart det spelt inn på plate og plata vart lønna med ein Spellemann. Om historia gjentek seg denne gongen – ja, det gjenstår å sjå!

Tingingskonserten er støtta av Norsk Kulturråd og Telemark mållag. Me takkar! 

 

Jon Anders Halvorsen:

«Langsmed Straumen»

Fredag 28. juli 2017

Kinosalen, Gullbring, kl. 21:00

250,- + bill.avg.

 

Billettar i sal no via Gullbring kulturanlegg!