Husly interiørcafè flytta inn i lokalane til Vertshuset/Grillen hausten 2016. – Dette lokalet har vore arena for utruleg mykje flott musikk opp i gjennom – både med Bø Jazzklubb og Telemarkfestivalen, og det er flott at me kan fylle lokalet med musikk i samarbeid med Husly under årets festival også, seier dagleg leier  for Telemarkfestivalen, Kristoffer Mosfjeld. Husly vil vidare markere ein slags inngangsport til årets festivalområde som vil strekkje seg frå Bøgata og bort til Gullbring kulturanlegg via gangstien som vil bli pynta i festivaldrakt for anledninga.

 

Skotske viser og ballader

Ivan Drever er fødd og oppvaksen på Orknøyene og er ein av Skottlands beste og mest anerkjende songarar og låtskrivarar. Drever kan sjå tilbake på ei lang og allsidig karriere, der han mellom anna har laga musikk til ei rekke kjende filmar, men han er kanskje mest kjend som frontmann i det legendariske, skotske bandet Wolfstone som herja med sin fengande keltiske rockemusikk på 90-talet. Drever har òg gjeve ut heile 15 soloalbum med fokus på skotske balladar og folkesongar. Med hans eminente gitarspel, nydelege stemme og varme vesen vil alt ligge til rette for ein hyggeleg stund på Husly denne formiddagen!

 

Skattar frå Telemark

Dei tre Fjøllmannjentun er Gøril Ramo Håve, Inger Lien og Anne Svånaug Blengsdalen. I desember 2016 gav dei ut CD-en «Skattlandet» på Etnisk musikklubb til strålande kritikkar. Målet med utgjevinga er å lyfte fram repertoar innan langeleik-, kveding- og hardingfeletradisjonen i dei øvre bygdene i Telemark, som i sein-mellomalderen vart kalla «Skattlandet». Tittelen er vald både for å spegle eit geografisk område og for å dokumentere eit svært rikt distrikt når det gjeld tradisjonsmusikk. Repertoaret er fyrst og fremst frå tradisjonsområda Rauland – Åmotsdal – Tinn – Møsstrond. Den musikalske profilen byggjer på variasjon med omsyn til ulike stille på hardingfele og langeleik, ulike vokale sjangrar og solistiske framføringar. Det vert eit spennande møte med musikkskattar frå Telemark.

 

 

Årets utgåve av Telemarkfestivalen vil

finne stad mellom 27. – 30. juli.

 

Billettar i sal no via Gullbring kulturanlegg.