Frå scenene i Gullbring vil nemleg desse sørgje for ein real folkefest; ein sprudlande trio beståande av Unni Wilhelmsen, Solveig Heilo og Hanne Mari KarlsenPolkaBjørn og Kleine Heine – ein hysterisk morosam duo med litt uvanlege songteknikkar som spesialfelt. Gulaza – ein spennande kvartett frå Midtausten med usannsynleg vakre melodiar, jentetrioen Raabygg som har fordjupa seg i folkemusikk frå indre Agder – og sjølvsagt kongen av Telemark – Odd Nordstoga!

«LaurdagsFOLK», som folkefesten vil bli kalla i programmet, er høgdepunktet for mange under Telemarkfestivalen, der festivalen presenterer folkemusikk av den meir festlege og folkelege sorten.

 

Lokalt, nasjonalt og internasjonalt

Telemarkfestivalen er ein internasjonal folkemusikkfestival og hentar difor fleire utanlandske utøvarar til festivalen kvart år, men det er også mykje rom for lokale namn. – Me likar å ha ein bredde der festivalen presenterer noko som er kjend for dei fleste, men også meir ukjend musikk som kanskje kan gje publikum ein positiv overrasking, seier dagleg leiar for festivalen, Kristoffer Mosfjeld. Han har mellom anna stor tru på kvartetten Gulaza med medlemmar frå Israel og Jemen. – Gulaza lagar usannsynleg vakker musikk med inspirasjon frå gamle kvinnesongar frå Jemen, seier Mosfjeld som nemnar det som er noko av det artigaste han veit i jobben som festivalleier. – Det å få ein e-post får eit heilt framandt band med ei lenkje til musikk som visar seg å vere så fantastisk at ein berre bookar dei på rappen. Gulaza er eit slikt band, seier Mosfjeld.

 

Fargerike og sprudlande damer

Ei anna gruppe som Mosfjeld har tru på er relativt fersk i seg sjølv, men Unni Wilhelmsen, Solveig Heilo og Hanne Mari Karlsen har alle svært lang fartstid i bransjen på kvar sin kant. Her møtast dei tre bestevenninene til ein musikalsk Twist-pose med berre gode bitar. Unni sørgjer for velkjende songar frå ei rikhaldig karriere, Solveig leverer heilt nye låtar for anledninga, og dei har også nokre feite coverhitlåtar på repertoaret. – Dei trakterer til saman eit tosifra tal instrumentar, og stemmane går saman i ein høgare einskap som i lag med hjartevarm humor skapar ein uslåeleg konsertoppleving, lovar Mosfjeld. Sprudlande er også jentene i trioen Raabygg som har song, spel og dans frå indre Agder som sitt spesialfelt. Dei har fått mye merksemd får mangfaldet i repertoaret. Gruppa tek føre seg gangarar, springarar, brureslag, bånsullar og all slags runddans. I den eine augneblinken spelar gruppa forrykande rilar, medan dei i den neste syng ein dyster brureslått acapella.

Kompromisslaus jodling og «trekksprell»

Frå før er det klart at Odd Nordstoga med band kjem til festivalen. Ein annan trekkspel-entusiast finn me i form av Kleine Heine – den andre halvparten av duoen PolkaBjørn og Kleine Heine som i høve Telemarkfestivalen utvidast med ein operasongar. Kleine Heine omtalast som trekkspelets svar på Matti Nykänen – utsvevande og god med kniv, medan Polkabjørn ikkje berre er titulert som Nord-Europas beste jodlar, men har også mongolsk strupesong som eit spesialfelt. – Dette vil vere ein hysterisk morosam avslutting på festkvelden med trekksprell og kompromisslaus jodling, konkluderer Mosfjeld.

 

Vèrgaranti

Ved å leggje tyngda av festivalprogrammet til Gullbring kulturanlegg vil ikkje festivalen vere like sårbare for regnvær som tidlegare ettersom festivalen no kan nytte Gullbringhallen ved behov.  – Altså, me kan jo ikkje garantere at det vert fint vær, men me kan garantere at ein slepp å stå framfor scena i øs pøsande regnvær. Festivalen vil sjølvsagt strekkje seg langt for å kunne halde konsertkvelden utandørs i det flotte, naturlege amfiet, men viss me ser at vèrgudane ikkje er på lag, så vil me ta ei vurdering på å flytte dei aktuelle konsertane inn i hallen, seier Mosfjeld som er nøgd med å kunne tilby ein sags vèrgaranti til festivalpublikummet.

 

 

Billettar i sal no via Gullbring kulturanlegg!