Sørnorsk folkemusikksenter

Telemarkfestivalen er ein av initiativtakarane til stiftinga av Sørnorsk folkemusikksenter. Sørnorsk folkemusikksenter skal vere eit ressurssenter på folkemusikkfeltet, som skal rette arbeidet både mot den frivillige og den profesjonelle sektoren. Senteret ønsker å bidra til at folkemusikarar og -dansarar kan leve og arbeide i vårt distrikt, men også yte hjelp til frivillige aktørar og arbeide med rekruttering, talentutvikling og variert aktivitet elles. Vidare skal senteret arbeide med dokumentasjon og formidling av felemakartradisjonane i distriktet. Den overordna målsetjinga er å sjå heile folkemusikkfeltet i samanheng og stimulere til aktivitet på alle nivå.

Telemarkfestivlaen har det administrative ansvaret for verksemda i Sørnorsk folkemusikksenter.

 Meir informasjon: https://www.sornorskfolkemusikksenter.com/

Nye Sjodar folkemusikkscene

Velkomen til Nye Sjodar – ei regional scene for folkemusikk og folkedans!

Sjodar er namnet på eit forsamlingshus som vart oppført på Nordagutu i Telemark i 1922. Sjodar har gjennom åra husa mange aktivitetar, og har vore ein viktig plass for dans og spel. Sommaren 2021 vart heile huset flytta på spektakulært vis 14 km frå Nordagutu til Evju bygdetun. På den gamle plasseringa vart Sjodar mindre og mindre bruka. Med den nye plasseringa vil huset kunne bli tatt i bruk i større grad og av mange forskjellige aktørar.

Det har vore gjort stort arbeid med å restaurere huset og gjere det om til eit nytt forsamlingshus som vil være særleg godt egna for akustiske konsertar og dans, der godt dansegolv og tilpassingar for god akustikk har vore i fokus. Sjodar har eit stort potensiale med tanke på å bli ei viktig regional scene for folkemusikk og folkedans. Midt-Telemark er midt i kjerneområde til hardingfela, tradisjonsmusikken og dansen og den særprega Telemarkskulturen.

Det er allereie planar for mangfaldig aktivitet i huset; eit omfattande kursopplegg for opplæring i folkedans for born, unge og vaksne, øvingar for Nes nasjonale dansarring, øving for eigen musikkteatergruppe knytt til Evju bygdetun, broderikafè, historiekafè, foredrag, kappleikar – og ikkje minst konsertar og dansekveldar.

Det er ønskje om å etablere ein ny konsertserie med konsert kvar månad på nye Sjodar, der den akustiske folkemusikken og folkedansen vil vere i fokus. Telemarkfestivalen er ein av initiativtakarane til konsertverksemda på Nye Sjodar.