Våre konsertarenaer

 

Telemarkfestivalen sine arrangement finn stad på fleire forskjellige stader i og rundt Bø, og me har til og med ein konsert i Lunde! Kvifor ikkje bare ha alt på ein og same scene? Me nyttar lokalar som gir dei beste føresetnadene for dei beste konsertopplevingane – i alt frå store Gullbring Amfi med plass til 1000, og Mariposa café med plass til 10!

Har du spesielle behov for deltaking?
I Gullbring kulturanlegg er det lagt godt til rette deltaking for brukarar av rullestol. Men diverre er ikkje alle av festivalens mindre konsertstader like godt egna for personar med funksjonshemming. Ta difor gjerne kontakt med oss om du sit i rullestol eller har andre spesielle behov i høve deltaking på Telemarkfestivalen sine arrangement, så vil me gjere vårt beste for å gi deg ei flott konsertoppleving!

Ring eller send e-post til dagleg leiar Kristoffer Mosfjeld: 
48 20 50 66 / [email protected]

Velkomen! 

Gullbring Kulturhus

Telemarkfestivalen vil i år nytte Gullbring kulturanlegg som hovudarena med staselege konsertar i Framstugo og i Storsalen. Me nyttar og Gullbring Amfi rett utanfor Gullbring – eit naturleg, utandørs amfi med plass til stor musikk og mange glade menneske!

Gullbringvegen 34, 3800 Bø

Heimside
Hårre ligg det?

Villa Lunde

Villa Lunde er eit kunst- og musikksenter med operahage, åpent atelier, utstilling med meir. Ekteparet Elisabeth de Lunde og Jakob Zethner utfører malerkunst og opera på høgt europeisk nivå. Dei arrangerer òg spennande konsertar i lag.

Vrangfossvegen 856, 3832 Lunde

Heimside
Hårre ligg det?

Bø torg

Bø torg er den store møteplassen i kommunen og i samband med Telemarkfestivalen åstad for marknad, gratiskonsertat og aktivitetar for store og små.

Hårre ligg det?

Kroa i Bø

Kroa i Bø er den største konsertscena me har i Midt-Telemark, og er ein perkekt plass for dei store konsertopplevingane!

Lundevegen 61, 3800 Bø

Hårre ligg det?

Bø kyrkjene

Bø gamle kyrkje er ei mellomaldersteinkyrkje, bygd mellom 1150 og 1180. Kyrkjerommet har fin akustikk og er i så måte særleg egna for akustiske konsertar. På same plass finn du Bø kyrkje frå 1875.

Kyrkjevegen 62, 3800 Bø

Hårre ligg det?

The Bull Inn

Øvst i Bøgata finn du The Bull Inn – ein irsk pub med live musikk og god stemning – som seg hør og bør!

Bøgata 11, 3800 Bø

Hårre ligg det?

Nye Sjodar og Evju bygdetun

Evju bygdetun og Nye Sjodar folkemusikkscene ligg vakkert til mellom Bø og Gvarv!

Sætrevegen, 3810 Gvarv

Hårre ligg det?

Konsertlåven

Ekteparet Torgeir Hefre og Gyrid Kvaale har laga seg ein flott konsertlåve som Telemarkfestivalen er glade for å kunne nytte til konsertar i samband med festivalen!

Nordbøvegen 10, 3800 Bø

Hårre ligg det?