Bli frivillig

Vil du vere med å skipe til festival?

I likskap med mange andre festivaler er også Telemarkfestivalen dønn avhengige av våre trofaste og engasjerte frivillige, og me har alltid rom for fleire! Som frivillig får du vere med på å skipe til festivalen og skape noko meiningsfylt saman med andre, du får ei helt eiga og superkul frivillig-T-skjorte og ikkje minst – billettar til konsertane under festivalen. Du utviklar deg sjølv og får nyttig erfaring, nye bekjentskapar og forhåpentlegvis mange nye musikkopplevingar! I tillegg kan me freiste med mat, store mengdar kaffe og ikkje minst; kjempegode vafler.

Under festivalen kan du jobbe med følgande oppgåver:

Artistkontakt
Me ser etter deg som er utadvendt, serviceinnstilt og har eit godt humør. Dine oppgåver vil til dømes vere å møte artistar ved ankomst, vise dei rundt i Bø og hjelpe til med innkvartering. Engelskkunnskaper er ein fordel – særleg om ein skal ta i mot engelsktalande artistar.

Billettseljarar
Må vere innforstått med enkle reknereglar og akseptere det faktum at 2 + 2 som regel vert 4. Ellers vert det billettseljaranes oppgåve å ta imot publikum på ein høveleg måte.

Festivalkontor
På festivalkontoret tek ein imot både artistar, festivalmedarbeidarar, samarbeidspartnarar, gjester og publikum. Kort sagt; her treffer ein alle! Det å vere serviceinnstilt og blid er viktige eigenskapar hos ein medarbeidar på festivalkontoret.

Konsertvakt
Konsertvaktane sørgjer for sikkerheten under arrangement og at ingen til dømes går inn eller ut på feil stad, tek med seg øl utanfor område, sjekker billettar og så vidare. Konsertvaktane er heldige og får med seg masse flott musikk på vakt!

Riggarar
Sceneelementer, PA-flate, monitorar og slikt veg ofte ein del kilo. Ein bør derfor vere litt sterk, for her dreier det meste seg om løfting og flytting av tunge ting.

Scenearbeidarar
Jobbar på og ved scenen med å sette opp instrumenter, skifte sceneoppsett med meir. Du treng verken vere sosial eller hyggeleg, men gjerne arbeidsom og litt teknisk anlagt.

Sjåførar
Det er mykje som skal fraktast hit og dit når det er festival. Utstyr, mat, instrumentar, artistar, medarbeidarar, billettar, pynt med meir. Me har bilar, men treng stødige sjåførar. Førarkort er naturleg nok eit krav her!

Om du er ein av dei som likar å snoke rundt på Facebook, så har me også oppretta ein eigen Facebook-gruppe for Telemarkfestivalens frivillige.

Obs! Me har diverre ikkje eigen camp for dei frivillige, men me kan hjelpe deg med å skaffe rimeleg overnatting.