Telemarkfestivalen 2021 vert arrangert innanfor det som måtte vere gjeldande smittevernreglar i august. For å kunne syte for eit trygt arrangement for alle involverte vil dei aller fleste arrangementa vere enkeltkonsertar som vil finne stad i og utanfor Gullbring kulturanlegg. Me vil leggje ut eit avgrensa tal med billettar på dei fleste arrangementa, men dersom det vert lov til å ha fleire inne på konsertane, vil me leggje ut fleire billettar. Dansearrangement for publikum fell bort, men me vil leggje opp til dansearrangement om reglane i august seier at me kan det.

Billettsalet opnar i veke 22. Følg med på endeleg dato for billettsal og meir detaljert informasjon om programmet på Facebook og på vår nettstad. Alle billettar til årets festival selgast via Gullbring kulturanlegg.

 

Torsdag 12. august

Kl 19:00 – Gullbring, Storsalen
RUI-JENTENE: «Spaden må gå jamnt» i ny tapning
Den fascinerande historia om Ingerine og Gurine Schewenius har fenga mange. På Telemarkfestivalen og Gullbring kulturanlegg kjem framsyninga om Rui-jentene med Hæge Manheim og Inger Merethe Johnsen i rollane som Ingerine og Gurine, og med seg har dei Erik Sollid – kjend frå Valkyrien Allstars – på hardingfele.

Kl 20:00 – Bull Inn
FESTIVALKVISS + KONSERT MED MAGNUS WIIK
På Bull Inn vert som vanlig festivalkviss og etter kvissen vert det konsert med strengekunstnar Magnus Wiik og hans splitte nye trio.  

Kl 20:30 – Gullbring, Framstugo
INGEBJØRG LOGNVIK REINHOLDT OG AASMUND NORDSTOGA MED BAND: «For alt som ein gong va’»
Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Aasmund Nordstoga framfører dikt av Robert Burns omsett til vestteledialekt av Peter Fjågesund i konserten «For alt som ein gong va’» i Gullbring kulturanlegg. Til konserten i Bø har dei med seg Juhani Silvola, Sarah-Jane Summers og Morten Kvam.

KL 22:30 – Bø gamle kyrkje
AW/CISSOKHO/ULVIK
Torsdagen avsluttast i Bø gamle kyrkje der afrikansk strengeleik møtar norsk kveding i det som garantert vert heilt nydeleg konsert med Becaye Aw, Ibou Cissokho og Liv Ulvik.

 

Fredag 13. august

Kl 12:00 – 15:30 – Gullbring, Oppåstugo
FAGSEMINAR: «Berekraftig folkemusikk»
For andre gong inviterer Telemarkfestivalen til seminar. I samarbeid med Universitetet i SørØst-Norge) og Telemarksforsking vil me rette fokus mot  både materiell og immateriell berekraft i folkemusikken.

Kl 17:00 – Gullbring, Framstugo
BUEN GARNÅS/KÅSA/FJELD: «Slåttar siste sytti år»
Bø er heimplass for fleire av landets mest framtredande felespelerar. Me har samla tre av dei til konsert. Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa og Lars-Ingar Meyer Fjeld vil ta for se nyare slåttar i konsertprogrammet «Slåttar siste sytti år» i Gullbring kulturanlegg.

Kl 19:00 – Gullbring, Storsalen
OPNINGSKONSERTEN
Den tradsjonelle Opningskonserten er ein musikalsk konfekteske med spennande og mangfaldige innslag frå festivalprogrammet.

Kl 21:00 – Gullbring, Framstugo
INGRID JASMIN VOGT & JESÚS MORENTE
Ingrid Jasmin Vogt er oppvaksen i Telemark, men har fordjupa seg i musikk frå meir sydligare. Ho og makkaren Jesús Morente leverar kjenslevar og nær flamenco-song i Gullbring kulturanlegg.

Kl 22:00 – Gullbring, Storsalen
TINGINGSVERKET: «AALKA – IT BEGINS»
Tre vokalistar og tre vokaltradisjonar møtes i årets tingingskonsert med Marja Mortensson, Sigrid Jore og Maija Kauhanen.

 

Laurdag 14. august

Kl 11:00 – 16:00 – Bø torg
TORGFESTIVALEN – ein festival i festivalen
Me håpar me nok ein gong kan invitere til Torgfestivalen – ein festival i festivalen som har blitt svært populær! Om me får lov; så vil det som vanlig bli ein flott dag på Bø torg med gratiskonsertar, marknad, og artige aktivitetar for store og små

Kl 12:00 – 15:00 – Bø museum
DIVERSE SPENNANDE KURS – meir info kjem!

Kl 17:00 – Gullbring, Storsalen
«ELLEN OG ELEVANE»
Ellen Nordstoga fyllar 80 år i år og vert heidra med konserten «Ellen og elevane» i Gullbring kulturanlegg. Framsyninga «Kongsdøttane» som Nordstoga er prosjektleiar for vert vist fram, og det vert og musikalske helsingar frå tidlegare elevar.

Kl 19:00 – Gullbring, Amfiet
JOHANNA SEIM OG MARIANNA SANGITA
INGEBJØRG BRATLAND
Me er glade for å kunne invitere Ingebjørg Bratland «heim» til Telemarkfestivalen. Me har bestilt godvér og alt er klart for ein stor konsertoppleving ute i Gullbring Amfi. Her vil det óg bli premiere på ny musikk frå Johanna Seim og Marianna Sangita som vil vere fyrste utøvarpar ut i «Evju sessions» – eit nytt konsept der to utvalde utøvarar bur og skapar ny musikk i lag på idylliske Tangen ved Evju bygdetun.  

Kl 20:30 – Gullbring, Storsalen
TONER, SKJEMT OG ALVOR MED SIGMUND, KNUT OG HALVOR
Har du høyrt om tuddølen, heddølen og bøheringen? I Gullbring kulturanlegg vert det musikk, skjemt og alvor med Knut Buen (tuddølen), Sigmund Groven (heddølen) og Halvor Kleppen (bøheringen).

KL 22:00 – Gullbring, Amfiet
INGVILD FLOTTORP MED BAND + BYTING MED GJESTAR 
Laurdagskveld og god stemning i Gullbring Amfi med konsertar med Ingvild Flottorp og Byting. Skodespelar Mathilde Storm – kjend frå NRK-serien «Rådebank» – syng låta «Høvdingen» i lag med Byting, og Per Anders Buen Garnås vert med på eit par låter med sitt gamle band.

 

Sundag 15. august

Kl 11:00 – 14:00 Evju bygdetun
FAMILIEDAG PÅ EVJU BYGDETUN
Om me får lov; så vil Telemarkfestivalen og Evju bygdetun ønskje velkomen til ein hyggeleg familiedag på Evju bygdetun med musikk, dans, artige aktivitetar og god mat og drikke.

Kl 13:00 – Bø gamle kyrkje
TORHILD OSTAD OG SILJE HEGG
Vokalist og kvedar Torhild Ostad og fløytist Silje Hegg har kjend kvarandre i 25 år, og dei har fleire gonger snakka om at dei har lyst til å halde konsert i lag, men det har aldri skjedd – før dei no kjem til Telemarkfestivalen og Bø gamle kyrkje for ein nydeleg og varm konsert.

Kl 15:00 – Gullbring, Storsalen
BORGJAKONSERTEN: JENS AMUNDSEN – EIT 100 ÅRS MINNE
Den tradisjonsrike Borgjakonserten vil finne stad i Gullbring kulturanlegg. Storspelemannen Jens Amundsen villa ha vore 100 år i år. Torgeir Straand og Knut Buen minnast Amundsen med soger og spel.