Telemarkfestivalen inviterer alle born, unge, unge vaksne, vaksne og eldre vaksne til å delta på Torgfestivalen – ein festival i festivalen som har blitt svært populær for både store og små! Det vil bli gratiskonsertar, Roheim-parade, artige aktivitetar og mykje moro for store og små.

Mykje liv og moro!

Laurdag 11. august vert ein flott dag med mykje liv og moro på torget: Frå scenen vert det flotte gratiskonsertar: Bjerk er ein spennande ny stemme frå Vest-Telemark. Dei unge vert i fokus denne dagen med IntroFOLK-tevling, UKM-kavalkade og  UngFOLK vil syne fram kva dei kan med ein eigen konsert. Det vert òg sirkuskurs, mini-hallingkurs, slakk line, klatrevegg og mykje anna moro. Det vert også marknad med spanande tilbod!

Roheim-parade for sjette gong

Meisterspelemannen Anund Roheim frå Bø var også ein bilentusiast som eigenhendig sørgja for at Bø kommune lenge var den kommunen med flest Amcars per innbyggjar. For sjette gong hyllar me Roheimen med ein eigen Roheim-parade der Eagle Car Club visar fram nokre av glisa som Roheim tok med seg over dammen frå «Junaiten» – med ein og anna spelemann som passasjer!

Det beste i livet er gratis!

Alle desse tilboda vil ha ein lavterskel-profil og er meint som ein invitasjon til barn, familiar og andre som kanskje elles ikkje er så kjende med folkemusikken frå før. Bø i Telemark er ein stad med lange tradisjonar for folkemusikk og folkedans. Det er viktig at også barn og unge får ta del i disse tradisjonane på eigne premiss. Under Telemarkfestivalen vil Bø torg vere ein arena der barn og unge får være med på ein mengde aktivitetar med folkemusikken og folkedansen som bakteppe – alt saman heilt gratis!

Sceneprogram: 

Kl 12:00 – Bjerk
Kl 13:00 – IntroFOLK: Ingvild Blæsterdalen og Mads Erik Odde
Kl 14:30 – Det beste frå UKM Telemark
Kl 15:30 – Konsert med deltakarar frå kurs i Folkemusikk fordjuping

 

Programleiar er ordførar, Olav Kasland.

Kl 14:00 kjørar Roheim-paraden frå støtta av Torleiv Stadskleiv ved Bø stasjon!

 

Utstillarar som ønskjer å melde seg på Torgfestivalen kan kontakte:

Marita Kristina Valkeinen
Telefon: 41 61 13 93
E-post: [email protected]

Spel og dans på torget!

Velkomen!