Telemarkfestivalen inviterer alle born, unge, unge vaksne, vaksne og eldre vaksne til å delta på Torgfestivalen – ein festival i festivalen som har blitt svært populær for både store og små! Det vil bli gratiskonsertar, Roheim-parade, artige aktivitetar og mykje moro for store og små.

Barna kan mellom anna delta på sirkuskurs, hallingdans for mini-dansarar, spel på afrikanske trommar og mykje meir. Det vert flotte gratiskonsertar med den skotske trubaduren Ivan Drever, PolkaBjørn og Kleine Heine – ein hysterisk morosam duo med litt uvanlege songteknikkar som spesialfelt og Gulaza – ein spennande kvartett frå Midtausten med usannsynleg vakre melodiar. UngFOLK vil syne fram kva dei kan med ei eigenprodusert framsyning.

Marianthe Salvesen kjem med sin sirkuskoffert, og ho vil lære bort mellom anna tallerkensjonglering, flower stick, poi, rockering og sjonglering med tørkle og ball. Sirkusskolen passar for vaksne og barn i alle aldrar som vil finne sin indre sirkusartist!

Marianthe Salvesen kjem med sirkuskurs og eiget show!

 

Program, Torgfestivalen 2017

Programleiar: ordførar Olav Kasland

 

Kl 11:00 – Torgfestivalen opnar!

Kl 11:30 – Konsert, Ivan Drever (Skottland)

Kl 11:30 – 13:00 – Drop-in, hallingkurs, sirkuskurs og kurs i afrikanske trommer

Kl 12:30 – Konsert, Gulaza (Israel) 

Kl 13:30 – Supert sirkusshow med Marianthe Salvesen

Kl 14:00 – Roheim-paraden køyrer i gata

Kl 14:00 – 15:00 Drop-in, halling kurs, sirkuskurs og kurs i afrikanske trommer

Kl 14:30 – Konsert, PolkaBjørn og Kleine Heine

Kl 15:30 – Konsert, UngFOLK med spel, dans og song!

 

Spel og dans på torget!

Velkomen!