Foto: Carl J. Asquini

I 2019 er Telemarkfestivalen 30 år! Mykje har skjedd i folkemusikken sidan 1989 og mykje kjem til å skje dei neste 30 åra. Under årets festival snur me oss både tilbake og ser framover, og spør: Kva er folkemusikk – i fortid, notid og framtid? Telemarkfestivalen ønskjer å vere med på å verne om det særeigne i folkemusikken samstundes som musikken held fram med å vere aktuell og interessant for nye generasjonar musikarar, dansarar, lyttarar og tilskodarar. Tingingsverka er såleis ei viktig satsing for å styrke formidlinga av folkemusikk som eit viktig og flyktig samtidsuttrykk i stadig utvikling!
Dette vil i særleg grad speglast i årets tingingsverk, der komponist og vokalkunstnar Ruth Wilhelmine Meyer har late seg inspirere av den tradisjonelle folkevisa «Haugebonden» etter Agnes Buen Garnås som utgangspunkt for årets tingingsverk. Meyer er ein utøvar som i særleg grad beherskar dualiteten i folkemusikk-uttrykket – det å trekkje det tradisjonelle inn i det moderne og det moderne inn i det tradisjonelle.
 
I lag med eit stjernelag av musikarar og unge talent frå Telemark tek Meyer oss med på ei musikalsk og visuell reise på grensa mellom det konkrete og det abstrakte, det synlege og det usynlege – mellom det verkelege og det mystiske!
 
Ein ting er sikkert: Dette vert ei makalaus oppleving!
Medverkande

Musikarar:
Ruth Wilhelmine Meyer – komponist, song
Espen Leite – komponist, trekkspel
Tuva Syvertsen – song, hardingfele
Per Anders Buen Garnås – hardingfele

Utøvarar frå Folkemusikk fordjuping – dans, spel og song:
Thea Norheim, Johanne Tufte Berge, Gjertrud Raftevold Rue, Even Westeng, Helge Sigurd Telnes, Birgit Haukås, Tone Anne Tveiten, Symre Taugbøl Morgedal, Sunniva Langås-Røiland, Vilde Westeng, Jon Inge Sersland,
Knut Boksasp Berge.

Kyrre Heldal Karlsen – lysdesign, visuelle effektar
Bent Gjersvik – lyddesign
Silje Onstad Hålien – koreografi

Tingingsverket er særkild støtta av Kulturrådet, og i samarbeid med Riksscenen! Me takkar!