På Telemarkfestivalen kjem ein ikkje unna «dei tre store» – nemleg Opningskonserten, tingingsverket og den tradisjonsrike Borgjakonserten.

 

– Noko av det artigaste me gjer er å produsere heilt eigne konsertar, seier dagleg leiar for Telemarkfestivalen, Kristoffer Mosfjeld som fortel vidare at det å bruke den sterke, lokale kulturarva i nye samanhengar er blitt eit varemerke for festivalen. I år det duka for jubileumskonsert, eit spennande tingingsverk og ikkje minst Borgjakonserten med eit særleg fokus på hardingfela. I tillegg vert det eigen konsert med folkemusikken frå Vestfold som tema.

 

Møte med folkemusikk frå Vestfold

-I lys av sammenslåinga av Telemark og Vestfold og i forbrødringas ånd, så ønskjer me å rette fokus mot dei bortgøymde folkemusikk-tradisjonane i Vestfold med ein eigen konsert på Telemarkfestivalen, seier Mosfjeld. Søndre Vestfold spel & hagelag er i hovudsak ein trio beståande av Vigdis Andersson, Sissel Klohs og Karolina Westling som spele fele og syng. Dei har samla slåttemateriale frå Vestfold som består av både rigelar, valsar, hallingar, reinlenderar og springdansar. Til denne konserten har dei med seg mellom anna Lars-Ingar Meyer Fjeld og eit knippeandre  utøvarar frå Vestfold for å presentere ett breitt utval av slåttar, balladar, hvalfangerviser, salmer og springdansar.

Talent frå Telemark på Opningskonserten i 2018. Foto: Knut Utler 

Som ei eske konfekt

I 2019 er Telemarkfestivalen 30 år! Mykje har skjedd i folkemusikken sidan 1989 og mykje kjem til å skje dei neste 30 åra. I årets festival snur vi oss både tilbake og ser framover, og spør: Kva er folkemusikk – i fortid, notid og framtid? Denne tematikken vil prege årets Jubileumskonsert med innslag frå eit breitt spekter av folkemusikarar og musikktradisjonar – både kortreiste og nokon meir langreiste. – Eg likar å sjå på denne konserten som ei eske med konfekt med mange spennande bitar – nokon har trygge og gode smakar, mens andre kanskje er meir overraskande, seier Mosfjeld som fortel at det i år vil vere høve til å kjøpe enkeltbillettar til Opningskonserten igjen.

 

«Haugebonden» i ny drakt

Kulturarv, tradisjon og røter er viktig for å behalde sjangeren, men at det òg er viktig å utvikle sjangaren vidare – slik at sjangaren kan leve vidare i samtida og i framtida. Ruth Wilhelmine Meyer er fødd og oppvaksen i Vinje, og er ein internasjonal røynd utøvar som i særleg grad beherskar denne dualiteten i folkemusikk-uttrykket – noko ho vil bere med seg inn i tingingsverket for Telemarkfestivalen 2019, «Haugebonden». Telemarks-versjonen av den kjende balladen etter Agnes Buen Garnås vil vere det melodiske grunnlaget, og tingingsverket er òg dedisert til Buen Garnås. Med seg på scena har Meyer med seg eit stjernelag; Tuva Syvertsen, Espen Leite, Per Anders Buen Garnås, samt unge utøvarar frå talentkurset Folkemusikk fordjuping. – Det vert ei mektig framsyning med samspill mellom musikk, dans og visuelle uttrykk, seier Mosfjeld som er sikker på at dette vil bli eit av høgdepunkta på årets festival.

Torkjell Haugerud

 

Kielland og Haugerud på Borgjakonserten

Borgjakonserten er ein av dei mest tradisjonsrike konsertane på Telemarkfestivalen. – Borgjakonserten har fokus på hardingfela og har vore arrangert kvart år sidan 1993, seier Mosfjeld som fortel at årets konsert vil dreie seg om Torkjell Haugeruds slåttemusikk og Olav Kiellands kammermusikk. Torkjell Haugerud (1876-1954) kom fra spelemannsslekt i Bø, og ein levande og brei interesse for musikk gjorde han til ein stilskapende spelemann, kunnskapsrik musikar og dyktig komponist. Olav Kielland (1901-1985) var ein svært anerkjend orkesterdirigent og komponist. Hans store interesse for norsk folkemusikk gjorde at han flytta til småbruket, Raudmyr, i Øvre Bø i 1941. I Telemark fann Kielland sitt rette miljø, og Kiellands komposisjonar vart sterkt inspirert av folkemusikken – og særleg Torkjell Haugeruds slåttar. Årets Borgjakonsert vil ta for seg Torkjell Haugerud og Olav Kiellands liv og virke og det spennande samarbeidet deira. Frå scenen i Bø kyrkje vil me få høyre Knut Buen og Tor Johan Bøen og hans strykekvartett, Fragaria Vesca.

Olav Kielland