Fjorårets utgåve av Telemarkfestivalen baud mellom anna på nytt og spennande samarbeid mellom festivalen og Villa Lunde. Det vart ein stor suksess og gav meirsmak.

Det var ikkje eitt ledig sete under fjorårets fantastiske konsert med fabelaktige Knut Buen, Ruth Wilhelmine Meyer og Anders Erik Røine i Villa Lunde. Samarbeidet gav definitivt meirsmak. I samband med årets festival vil kunstnarparet i Villa Lunde, Jakob Zethner og Elisabeth de Lunde, stå som vertskap for to konsertar med to internasjonalt røynde vokalistar.

 

Sjelsettande musikk frå Kurdistan

Den kurdiske songarinna Mizgin syng og speler kurdisk folkemusikk med inspirasjon frå den kurdiske og tyrkiske songboka, dyp sufi-musikk, dylanesiske rockedikt og gamle nordiske songar. Mizgin og musikken hennar har fått stor merksemd ho har mange fans over heilda verda. Mizgin er for tida busett i Danmark. Her har ho blitt nominert til fleire danske Grammy-prisar. Ho er ei stor stjerne som har spelt på alle dei store internasjonale festivalene, og me er svært stolte over å at Mizgin og bandet hennar no kjem til Telemarkfestivalen og Villa Lunde.

 

 

Sterk og særeigen samisk stemme

Telemarkfestivalen har heilt frå starten formidla og profilert samisk musikk i sitt musikalske program. Samisk folkemusikk har ein spesiell og viktig posisjon i folkemusikkarven i Noreg. Marja Helena Mortensson er ein ung sørsamisk joikar og songar som allereie har stor annerkjenning nasjonalt og internasjonalt. I 2017 lanserte Marja òg sitt anerkjende debutalbum «’Aarehgïjre’ – Early Spring». Berre eit år seinare gav ho ut albumet «’Mojhtestasse’ – Cultural Heirlooms». Plata vart nominert som det norske bidraget til Nordic Music Prize i 2019, og er også nominert til Spellemann-pris i klassa «Folkemusikk/Tradisjonsmusikk».

 

Håpar på fullt hus

Mizgin og Marja møtast til det som truleg vert ein fantastisk dobbeltkonsert i Villa Lunde, laurdag 10. august i samband med festivalen! Me synast det er spennande å setje desse to flotte songarinnane i lag og me er overtydd om at publikum vil få ei stor oppleving i Lunde denne ettermiddagen!

 

Frå konserten med Knut Buen, Ruth Wilhelmine Meyer og Ander Erik Røine på Villa Lunde i fjor. Foto: Knut Ulter