Såmmårsleg 2020

Telemarkfestivalen 2020 vart avlyst tidlegare i år, men no inviterar festivalen til arrangementet «Såmmårsleg 2020» som vil by på eit knippe utvalde konsertar i den opphavlege festivalhelga – 6. – 9. august.

Inspirert av gradestokk
Som så mange andre festivalar vart også Telemarkfestivalen tidlegare i år tvinga til å avlyse årets utgåve av festivalen som følgje av utbrotet av Covid-19. – Telemarkfestivalen skal vere ein heilskapleg og feiande flott folkefest. Det var det ikkje mogleg å få til i 2020. Men me hadde skikkeleg lyst til å gjere noko likevel, og den siste tida har me difor jobba med å få på plass eit alternativt arrangement – sjølvsagt tilpassa gjeldande smittevernreglar, seier dagleg leiar, Kristoffer Mosfjeld. Det alternative arrangementet har fått namnet «Såmmårsleg 2020». Namnet er henta frå Bø-gradestokken. – Når det er «såmmårsleg» i Bø er det sol og om lag 25 varme. Det er perfekt festivalvèr, seier Mosfjeld og håpar vèrgudane er med på notane.


Haugebonden og Blåfolk
Torsdag 6. august vert det kviss med Jan Birger Akerhaugen på¨The Bull Inn. Fredag 7. august vert det kinovising av fjorårets tingingsverk, «Haugebonden», og konsert med supergruppa Blåfolk beståande av Mattis Kleppen, Ottar Kåsa, Rita Engedalen, Daniel Eriksen og Anne Gravir Klykken. Dei leverte ein fantastisk konsert under Telemarkfestivalen i 2017, og det er fleire som ønskja seg ei reprise! Den kjem her, og publikum kan glede seg til en variert og spennande konsert i skjeringspunktet mellom blues og folkemusikk!

Blåfolk på Telemarkfestivalen 2017. Foto: Knut Utler


Lyden av Midt-Telemark
– Såmmårsleg 2020 kan kallast ein hyllest til det gode musikklivet me har i kommunen, seier Mosfjeld. Laurdag 8. august skipast det til festkonserten «Såmmårsleg i Amfiet» med innslag frå utvalde utøvarar innan folkemusikk og folkedans frå regionen. Seinare på kvelden vert det konsert med bandet som kan kallast sjølve lyden av Midt-Telemark – nemleg Ni Liv. Bandet er ein sikker favoritt på heimebane, og dei er òg aktuelle med ny plate, «Tell til tjuge» som vert sleppt 25. september.  – Me håpar på ein grueleg koseleg sommarkveld i Amfiet, seier Mosfjeld.

 

To blad Buen Garnås på Evju
Sundag er turdag, og Spelemannslaget Bøheringen inviterer difor til ein nydeleg tur med noko attåt. Med den flotte utsjånaden på Slettelibergja som bakteppe vert det flott spel frå spelemannslaget – og kanskje høve til ein liten svingom eller to. Såmmårsleg 2020 avsluttast på Evju bygdetun og konsert med syskenparet Per Anders og Ingvill Marit Buen Garnås. Det er gått ti år sidan dei gav ut den nydelege plata «Salme, segn og solbøn». På plata dukkar syskenparet ned i dei mange spennande, religiøse laga i folkemusikken. På Evju bygdetun dukkar dei opp igjen med det som etter alle solemerker vil bli ein fantastisk konsert med utgangspunkt i «Salme, segn og solbøn».

 

Per Anders og Ingvill Marit Buen Garnås. Foto: Arne Svalastog

 

Velkomen!

Obs! Billettar i sal via Gullbring kulturanlegg!