Du er her://Telemarkfestivalen 2020 og Korona-virus

Telemarkfestivalen 2020 og Korona-virus

Vyrde vener av Telemarkfestivalen,

Våre tankar og medkjensle går ut til arrangørkollegaer, utøvarar og samarbeidspartnarar som no blir ramma hardt av virus-utbruddet. Dette har ingen av oss vore med på før, og me håpar at alle kjem trygt over på andre sida ei gong om ikkje så altfor lenge. I mellomtida må me alle ta vare på kvarandre og følgje myndigheitenes oppmodingar og påbod.

Det er framleis ei god beite til Telemarkfestivalen 2020 finn stad. Me vonar sjølvsagt at me kan gjennomføre festivalen slik me ønskjer, og at me igjen kan samlast til fine og spennande konsertopplevingar i Bø – og alle andre stader!

Med venleg helsing,
Styret og administrasjon i Telemarkfestivalen

2020-03-29T20:35:33+00:00 29. mars, 2020|