Du er her://Spennande kurs på Telemarkfestivalen!

Spennande kurs på Telemarkfestivalen!

Nysgjerrig og lyst til å lære deg meir om songskattar frå Vest-Telemark, hardingfeleslåttar frå Setesdal og Telemark,  amerikanske banjo-stilar eller korleis du kan lage deg eit eget fruktfat av piletre? Då bør du merke av laurdag 10. august i kalendaren. Mellom kl 11 og kl 14 vert det kvedarkurs, hardingfelekurs, banjokurs, og ikkje minst – pileflettkurs på Bø museum!

 

Kvedarkurs med Ingebjørg Lognvik Reinholdt
Laurdag 10. august 2019
Bø museum, kl. 11:00 – 14:00
300,-

Ingebjørg vil leie ei songstund som passar for alle som likar å syngje. Ho vil lære bort artige småstubbar, freske slåttestev og eit par av the greatest hits frå Telemark, nemleg bygdevisene. I tillegg skal ho dele nokre kvedartriks som gjer det litt artigare å syngje desse små skattane, og de får litt bakgrunn på kva dei handlar om og kor dei kjem ifrå. Ingebjørg synest at alle burde syngje meir, og folkesongskatten er ein ypperleg stad å starte, då den kjem frå alle. Kurset passar for alle som likar å synge!

Hardingfelekurs med Johanne Flottorp
Laurdag 10. august 2019
Bø museum, kl. 11:00 – 14:00
300,-

Johanne Flottorp kjem frå Åmli i Agder, speler hardingfele og er utdanna ved Norges Musikkhøgskole. Ho har gitt ut fleire CD-ar, mellom anna med gruppa Raabygg. Johanne spelar i hardingfele klasse A og speler i hovudsak i tradisjon frå Agder og Telemark. Johanne er også musikalsk leiar i Bærum spelemannslag. Johanne har med Tovdal i Aust-Agder som utgangspunkt eit stort repertoar av slåttar frå både Setesdal og Telemark. På kurset kan deltakarane få lære litt av begge delar. Kurset vil vere eit nybegynnar-kurs.

Kurs i banjospel med Vincent Cross
Laurdag 10. august 2019
Bø museum, kl. 11:00 – 14:00
300,-

Vincent Cross går for å vere ein av dei dyktigaste banjo-spelarane i Amerika. På dette kurset kan du forvente ei tett undersøking av klassiske amerikanske banjo-melodier med demonstrasjon av stilane til Dock Boggs, Clarence Ashley, Lee Sexton, Roscoe Holcomb og Ralph Stanley. Du vil lære meir om korleis ein kan følge balladar og songar ved hjelp av desse stilane. Kurset er for deg som har spelt litt banjo før og ønskjer å lære meir!

Obs! Vincent spelar banjo flytande, men snakkar berre engelsk.

 

Kurs i pileflett med Mari Fallet Mosand
Laurdag 10. august 2019
Bø museum, kl. 11:00 – 14:00
450,- (inkl. materialar)

Har du lyst til å få ei innføring i pileflett? På dette 3 timar lange kurset vil du lære grunnleggande fletteteknikkar for å planlegge og flette ei mindre korg i pil. Me flettar i hovudsak i økologisk pil dyrka i Bø, men det vil vere mogleg å eksperimentere med andre naturmaterial som siv, bark og bjørkeris. Korgmaking er eit veldig gamalt handverk, det er moro, og ein blir fort hekta på variasjonsmoglegheiter i desse vakre naturmateriala! Mari legg opp til at alle rekk å lage ei mindre korg/ brødkorg/ serveringsbrett eller fat til servering av mat. Sjekk gjerne ut krokvokst på Instagram, eller www.krokvokst.com for inspirasjon.

 

 Enkel servering!

.

 

For påmelding  til kursa – send namn og kontaktinfo til:
post@telemarkfestivalen.no

 

 

 

2019-05-03T13:13:39+00:00 3. mai, 2019|