Tekst og foto: Kjell Bitustøyl

Knut Reiersrud har vore ein velsedd gjest på Telemarkfestivalen. Fyrste gong han gjesta festivalen var i 1992 med eit bluesprosjekt på Kroa der blant andre den svenske blueslegenden Sven Zetterberg var med. I 1993 var han i gang med eit nytt prosjekt, denne gong hadde han med seg tre afrikanske musikarar, alle frå Gambia: Juldeh Camara på riti/nyanyero – einstrengs fele, Amadou Sarr på molo – einstrengs gitar og perkusjon og Alagi M’Boye på cora. I tillegg Knut sin makker gjennom fleire år, Paolo Vinaccia på perkusjon og trommer. Alt tyder på at Sondre Bratland hadde ein finger med i spelet då Knut Reiersrud bestemte seg for å leggje plateinnspelinga til Raulandsakademiet, nærare bestemt den gamle låven på Telemarkstunet. Sondre var då òg den som introduserte bandet i teltet på Sandvoll.

I teltet på Sandvoll: Cora-spelar Alagi M’Boye.

Då denne planen såg dagens ljos, var det at Knut ringte til festivalen der underteikna var festivalsekretær på den tida; han spurte om me var interessert i ein konsert med han og dei fire medmusikarane i Tramp, som prosjektet kom til å heite. Dette slo godt an hjå styret i festivalen, og fredag den 6. august sto det fem mann sterke bandet på scenen i eit stort sirkustelt på Sandvoll, like ved Sandvin. Dette er einaste gongen festivalen har satsa på eit slikt stort telt. Dette var året før Gullbring kulturanlegg sto klart.

Det blei mykje afrikansk folkemusikk, men òg litt blues og «fusion».  Likevel var det heilt tydleg at dei ikkje hadde øvd særleg mykje på dette samspelet. Men som dei gode improvisasjons-musikarar dei er,  blei denne konserten likevel ein stor suksess og stemninga sto til tider i taket i det store teltet der mykje folk var samla.

I teltet på Sandvoll: Amadou Sarr (t.v.) og Juldeh Camara. (foto: Phil Keen)

Knut Reiersud hadde elles eit anna oppdrag på denne festivalen, han opptredde med norsk-pakistanske Deepika Thataal som ho heitte då, Deeyah Khan heiter ho no. Og Alagi M’Boye med koraen deltok på utekonsert i Heradshusparken.

I teltet på Sandvoll: Knut Reiersrud (foto: Phil Keen)

Personlege minne

Dagen etter festivalen gjekk turen for Tramp-gjengen til Rauland og plateinnspeling. Eg drog opp dit nokre dagar etterpå. Då blei det både ein fisketur til Bjortjønn, eit vatn opp mot Møsvatn, med Paolo Vinaccia, og eit møte med Juldeh Camara der me utveksla erfaringar med kvarandre sine feler.

Mange år etter, nærare bestemt sommaren 2015, hadde eg skaffa meg ein billett til Notodden Bluesfestival, ein konsert med Robert Plant frå gruppa Led Zeppelin, superheltar frå ungdomstida mi. I førekant av konserten oppdaga eg at i bandet til Plant, The Sensational Space Shifters, var det ein musikar med namn Juldeh Camara – same mannen!  Og det var ikkje fritt for anna det blei bakoversveis då superhit’en «Whole lotta love» kom i ein ny versjon, og med var Juldeh Camara på den afrikanske einstrengsfela!

Klikk for å lytte til opptaka: