I 2018 er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinjes vart født. Vinje er kjent for mykje , men omtalast gjerne som den første moderne journalisten i Noreg. Vinje sine journalistiske tekstar er prega av det han kalla «tvisyn» – at ein skulle kunne sjå fleire sider ved ein sak for å analysere, vurdere, kritisere – rett og slett tenkje sjølv. Tankane til Vinje vil setje sitt preg på fleire arrangement under årets festival.

Festivalen vil òg rette søkjelyset 50 år tilbake i tid – til 1968 og Flower Power-rørsla. Inspirert av den politiske medviten, kreativiteten og framtidstrua til «sekstiåttarane», retter me blikket mot situasjonen i verdsamfunnet i vår tid. Ei tid prega av politisk ustabilitet og stadig større skilnader mellom folk.

Telemarkfestivalen har stor tru på den samlande krafta musikken kan ha. Vi ønskjer velkomen til alle som vil vere på ein festival litt utanom det vanlege – til ei helg med mangfaldig og livskraftig folkemusikk!

 

Torsdag 9. august 2018

 Festivalfråspark og festivalkviss med Jan Birger Akerhaugen på Fjoset!

 

Fredag 10. august 2018

 Lunsjkonsert på Husly interiørcafè med den nydelege duoen, Sudan Dudan.

 Panelsamtale om forbode musikk på Husly interiørcafè med interessante og aktuelle deltakarar.

 Storstilt feiring av dansen med «Dansefest på torget»! I samarbeid med dansarringar frå heile fylket, vil me vise fram mangfaldet og dansens mange «dialektar» i Telemark.

 Opning av festivalutstillinga til fotograf Knut Utler, og konsert med deltakarar frå sommarkurset, UngFOLK – neste generasjon folkemusikarar!

 Tradisjonell opningskonsert med spanande og mangfaldige innslag frå mellom andre 9 Grader Nord, Knut Reiersrud og Egeland/Marin. Kulturministar Trine Skei Grande vil stå for den offisielle opninga av festivalen, medan Nazneen Kahn-Østrem vil leie konserten. Heidring av spelemann og festivalven, Leif Rygg, som diverre gikk bort i februar 2018.

 Spennande konsertkveld i Framstugo i Gullbring kulturanlegg. Pål Moddi Knutsen syner fram årets tingingskonsert; «1968. 50 år etter». Knut Reiersrud med eit stjernelag av musikarar framfører «Tramp» i 2018-tapning. 9 Grader Nord avsluttar kvelden med unik og energisk musikk!

 

Laurdag 11. august 2018

 Torgfestivalen – ein festival i festivalen. Det vil vere marknad, gratiskonsertar, Roheim-parade og artige aktivitetar for store og små. Barna kan mellom anna delta på sirkuskurs, hallingdans for mini-dansarar, natursti og ri på ponniar!

 Lunsjkonsert på Husly interiørcafè med to nordiske folkemusikk-legendar, Ånon Egeland og Mikael Marin.

 Spennande konsertpremiere på Villa Lunde. «Frå strupe og strengar» med vokalkunstnar Ruth Wilhelmine Meyer, KnutBuen og Anders Røine.

 Fantastisk festkveld med fem band i og utanfor Gullbring kulturanlegg: Bjerk med visepop på Vest-Telemark-dialekt. Ni Liv feirar 15 år som band med knallkonsert i Gullbring Amfi. Akkerhaugen Rocksamfunn tek «Woodstock» til Telemark med eigne tolkingar av ikoniske rockelåtar. Gåte kjem tøffare enn nokon gong – med Knut Buen som gjest. Resjemheia – med Mattis Kleppen i spissen – sørgjer for ein kraftfull avslutning på kvelden!

 

Sundag 12. august 2018

 Nydeleg, akustisk konsert i Bø gamle kyrkje med Spellemann-prisvinnar Anne Hytta.

 Borgjakonserten rettar søkjelyset mot Aasmund Olavsson Vinje og hans begeistring for hardingfela. Medverkande utøvarar er Øystein Romtveit, Ragnhild Hemsing, Geir Botnen og Ellen Nordstoga. Programleiar er Torgeir Straand.

 

 

Velkomen til

Telemarkfestivalen 2018!