Du er her://Moro på torget!

Moro på torget!

Fredag 9. august vert det dansefest på torget, medan det vert Torgfestival med gratiskonsertar, salsboder, kulturdebatt og mange aktivitetar for store og små laurdag laurdag 10. august.

Det dansast folkedans over ein låg sko i heile Telemark: på grendehus, samfunnshus, kulturhus, barar og mange andre stader. Fredag 9. august kjem folkedansen til Bø torg når Telemarkfestivalen inviterer til feiring av dansen! Lokale dansarar og spelemenn  presenterer sine særeigne uttrykk frå folkedansen kledt i sine finaste bunader. Og det vert sjølvsagt høve til å svinge seg med i dansen!

Samba, sirkus og folkemusikk

Laurdag 10. august vert ein flott dag med mykje liv og moro på torget: Frå scenen vert det flotte innslag frå scenen: Anja Dyrud Wassvik er ein spennande ny stemme frå Bø. Det vert fleire unge i fokus denne dagen med elevane i talentkurset Folkemusikk fordjuping som vil syne fram kva dei kan med ein eigen konsert. Som prikken over den berømmelege i’en kjem brasilianske samba-dansarar med eit eksplosivt show. Det vert òg sirkuskurs, mini-hallingkurs, slakk line, klatrevegg og mykje anna moro. Det vert også marknad med spanande tilbod! – I fjor hadde me om lag 2000 innom på torget, seier dagleg leiar, Kristoffer Mosfjeld!

Hallingmoro på torget! Foto: Knut Utler

 

Partidebatt om kultur

Ettersom det er valår har Telemarkfestivalen invitert dei regionale partilaga til partidebatt med kultur som tema. – I samband med samanslåinger av Bø og Sauherad kommunar og Telemark og Vestfold fylkeskommunar, så ønskjer me oss ein partidebatt som tek føre seg aktuelle tema knytt til kulturlivet i området, seier Mosfjeld. Debatten vil vere ein del av torgdagen og vert leia av sjefredaktør i Varden, Tom Erik Thorsen. I kulturdebatten stiller Maren Njøs Kurdøl (Raudt), Hans Edvard Askjer (KrF), Veslemøy Wåle (H), Harald Moskvil (MdG), Tone Berge Hansen (Ap), Ådne Naper (SV), Kåre Pettersen (V), Harald Kinck (FrP) og Åslaug Sem-Jacobsen (Sp). Kulturdebatten vil mellom anna dreie seg om kulturlivet i den nye fylkeskommunen, frivilligheit og dei sterke tradisjonane innan folkemusikk og folkedans i området.

Sjefredaktør i Varden leiar partidebatt om kultur under Torgfestivalen! Foto: Tore Svarverud

Det beste i livet er gratis!

Alle desse tilboda vil ha ein lavterskel-profil og er meint som ei gåve til fellesskapet og ein invitasjon til barn, familiar og andre som kanskje elles ikkje er så kjende med folkemusikken frå før. Bø i Telemark er ein stad med lange tradisjonar for folkemusikk og folkedans. Det er viktig at også barn og unge får ta del i disse tradisjonane på eigne premiss. Under Telemarkfestivalen vil Bø torg vere ein arena der barn og unge får være med på ein mengde aktivitetar med folkemusikken og folkedansen som bakteppe – alt saman heilt gratis!

 

 

Program – Torgfestivalen 2019

Kl 11:00 – Torgfestivalen opnar
Kl 12:00 – Aina Dyrud Wassvik
Kl 13:00 – Partidebatt
Kl 14:30 – Samba-show
Kl 15:30 – Folkemusikk fordjuping
Kl 17:00 – Torgfestivalen stengjer 

Utstillarar som ønskjer å melde seg på Torgfestivalen kan kontakte:

Marita Kristina Valkeinen
Telefon: 41 61 13 93
E-post: telemarkfestivalen.marked@gmail.com

 

2019-07-29T12:30:31+00:00 29. juli, 2019|