Pål Moddi Knutsen kjem «heim» til Bø for å framføre den tradisjonsrike tingingskonserten på Telemarkfestivalen.

I år er det femti år sidan 1968 og året som har blitt omtalt som «det mest historiske i verdshistoria». Den musikalske og kulturelle oppblomstringa som fann stad på slutten av seksti-talet, har framleis verknad på musikken me høyrer på i dag. Opprør mot foreldregenerasjonen, krigsmotstand, miljøvern, atompolitikk, kvinnefrigjering, Black Power og urfolkspolitikk var nokre av tema som ble tatt opp i kunst og musikk.

 

Femti år etter

I dag er mange av dei same tema igjen aktuelle. Igjen er det krigsagitasjon frå verdas leiarar, klimaendringar har på ny satt miljø på agendaen, #metoo og #blacklivesmatter pregar nyhetsbiletet. Pål Moddi Knutsen har latt seg inspirere av «sekstiåttaranes» politiske medvit, kreativitet og framtidstro til å skrive songar for vår eigen tid. Ei tid der «fredsnasjonen» Norge  er storeksportør av krigsmateriell. Ei tid der «fake news» og «digitale ekkokamre» truar demokratiet. Ei tid der skiljet mellom «oss» og «dei» igjen ser ut til å bli større. Ei tid der menneskeskapte klimaendringar verkar openbare for alle, samtidig som ein kvar skjerm, høgtalar og reklameplakat ropar at me må forbruke meir. Det er ikkje mangel på ting å lage nye låtar om når Pål Moddi Knutsen skipar til årets tingingskonsert på Telemarkfestivalen.
 

Uredd og viktig musikar

– Moddi er ein eineståande formidlar, tekstforfattar og låtskrivar som me trur vil famne om tematikken for tingingskonserten på ein framifrå måte, seier dagleg leiar for Telemarkfestivalen, Kristoffer Mosfjeld. Knutsen fekk stor merksemd for 2016-utgjevina «Unsongs», der han har tolka 12 forbode songar frå 12 forskjellige land. Opphavspersonane bak songane har blitt jaga, fengsla og i nokre høve også drepne. Årets tingingskonsert vil vere meir enn bare ein konsert, meiner Mosfjeld. – Det er òg ein hyllest til den frie penn og tanke, og eit opprop for medvit, toleranse og solidaritet!
 

Enorm konsertkveld

Tingingskonserten vert ein del av ein spennande konsertkveld, der publikum i tillegg til denne konserten får oppleve Opningskonserten og konsertar med Knut Reiersrud og 9 Grader Nord – alt på same billett. – Fredagskvelden på årets festival vert heilt enorm, seier Mosfjeld, som har stor tru på utseld hus. – Me har berre 350 ordinære billettar for sal denne kvelden. Frå før er det klart at kulturministar Trine Skei Grande vil opne festivalen.