Foto over: Ein fiolinist spelar i ein ruin i den irakiske byen Mosul – det er forbode og straffbart med døden. 

Dette vert eit av spørsmåla som skal drøftast i ei panelsamtale som skal rette fokus på ytringsfridom i musikken.

Panelsamtala vil finne stad fredag 10. august på Husly. Husly har vore vertskap for liknande arrangement i løpet av våren. Mellom anna har Bø kommune arrangert fleire folkemøte på staden. Telemarkfestivalen ønskjer å skape engasjement rundt eit viktig og aktuelt tema i samfunnsdebatten i dag. Ytringsfridomen. Ytringsfridomen kan tolkast og praktiserast på mange måtar. Her vil ytringsfridom og musikk som formidlingsmåte vere gjenstand for samtale mellom utvalde deltakarar. Arrangementet har fri inngang.

Tvisyn

Åsmund Olavsson Vinje reknast som ein viktig og original pioner i norsk litteratur og offentleg debatt på 1800-talet. Forfattarskapen til Vinje kan gje grunnlag for å diskutere ei rekke problemstillingar som er relevante for debattar i samtida –  mellom anna ytringsfridom. Gjennom sitt arbeid som journalist, korrespondent og redaktør var han ein markant samfunnskritikar. Det Vinje sjølv kalla tvisyn er eit kjent trekk ved hans sakprosa – eit omgrep som handlar om motstridande perspektiv i ein og same tekst.

Interessant panel
I panelsamtale vil deltakarane ta utgangspunkt i spørsmål som: Er Vinje sitt tvisynomgrep relevant i dagens debatt om ytringsfridom? Korleis ville Vinje uttrykt seg i dag? Og korleis kan ein relatere folkemusikken til spørsmål om ytringsfridom? Korleis kan ein forstå musikk som politisk ytring og kvifor blir musikk sensurert i dag? Professor ved OsloMet, Jan Sverre Knudsen, vil innleie om tema. Musikar Pål Moddi Knutsen, forleggar Nazneen Kahn-Østrem, slampoet og forfattar Martine Johansen og musikar Klemet Anders Buljo vil vere deltakarar i samtala som vert leia av bøhering og dagleg leiar for Vinje-senteret, Kristian W. Rantala.

Pål Moddi Knutsen                                            Martine Johansen                                         Kristian W. Rantala
   

Klemet Anders Buljo                                                                    Nazneen Kahn-Østrem      Jan Sverre Knudsen

Pål Moddi Knutsen – Foto: Jørgen Nordby
Kristian W. Rantala  – Foto: Varden
Nazneen Kahn-Østrem –  Foto: Tuva Aaserud