Telemarkfestivalen får storfint besøk når kulturministar Trine Skei Grande kjem til Bø for å opne årets utgåve av festivalen i august.

Telemarkfestivalen vert kvart år opna av ein  person me meiner er interessant eller er relevant for det Telemarkfestivalen ønskjer å skape og formidle. – I så måte er kulturministaren kanskje den mest interessante og relevante opnaren me har hatt, seier dagleg leiar Kristoffer Mosfjeld.

Ei stor anerkjenning
Og det seier ikkje reint lite. Det har etter kvart blitt ei celeber og prominent liste av festivalopnerar dei 29 åra festivalen har vore arrangert. På lista finn ein Prinsesse Märtha Louise, Kåre Willoch, Odd Nordstoga og Shabana Rehman – for å nemne nokon. – Men det er ikkje ofte me har ein sittande kulturministar på besøk, så det synes me er veldig stas, seier Mosfjeld som ser besøket frå kulturministaren som ei anerkjenning av festivalens gode arbeid gjennom fleire år.

Kulturministar med innverknad
Mosfjeld trur Skei Grande vil vere ein kulturministar med positiv innverknad på kulturfeltet, og som vil arbeide for kulturfeltets beste i samarbeid med kunstnarne sjølve. I opningstala vil Skei Grande tale om dei viktige tradisjonane innan folkekultur og kva dette tyder for kulturarva vår. – Me gleder oss til å høyre kva kulturministaren har å seie om vidare utvikling og ivaretaking av tradisjonar innan spel og dans, seier Mosfjeld.

Opninga av Telemarkfestivalen vil finne stad som ein del av opningskonserten i Storsalen i Gullbring kulturanlegg, fredag 10. august mellom kl 18:30 – 20:00.