Celtic Roots Ensemble med profilerte utøvarar frå Noreg, Sverige og Storbritannia lagar keltisk feststemning på jubileumsfestivalen.

– Keltisk musikk har alltid vore populært på Telemarkfestivalen, seier dagleg leiar Kristoffer Mosfjeld som har store forventingar til Celtic Roots Ensemble. – Det er ikkje kvar gong ein kan nytte uttrykket superband og kome unna med det, men med Celtic Roots Ensemble er det ei ganske nøyaktig skildring, seier Mosfjeld. Med musikarar som Knut Reiersrud, Catriona Macdonald, Ale Möller, Tuva Syvertsen, Frasier Fifield og Olle Linder er det berre å feste sikkerheitsbeltet og gjere seg klar for ei musikalsk oppleving utanom det vanlege.

 

Catriona kjem «heim» til Bø 

Fleire vil bli glade for et atthøyr med den skotske felespelaren Catriona Macdonald som på sett og vis kjem «heim» til Bø. Ho og familien budde nemleg fleire år i Folkestadguto og rakk å få mange gode vener i Bø. – Catriona har vært spelt mykje på festivalen sidan starten, og det er flott å få ho attende, seier Mosfjeld. Celtic Roots Ensemble spelar i Storsalen i Gullbring kulturanlegg fredag 9. august. – Det vert ein heilt fantastisk festivalkveld med opningskonsert, Väsen og Celtic Roots Ensemble, seier Mosfjeld som håpar at kvelden ikkje endar der. – Med såpass mange dyktige musikarar tilstades, så håpar me på å få til ein skikkeleg festivaljam på scena i Framstugo!

 

Velvilje

Frå før er det klart at mellom andre Amund Maarud & Lucky Lips, Charlie Rackstead & the Sticklesbergen Ramblers og svenske Väsen kjem til årets festival – til god respons frå både publikum og støttespelarar. – I kjølvatnet av artistslipp er me ute på bygda og freistar lukka hos potensielle støttespelarar. Så langt har det vore veldig hyggeleg med mellom anna ei dobling frå Meny Bø og Systemblokk som ny ven av festivalen, seier Mosfjeld.