Du er her://Johanne Flottorp og Åsmund Solberg på Gullbring Live!

Johanne Flottorp og Åsmund Solberg på Gullbring Live!

Telemarkfestivalen er glade for å vere vertskap for ein ny konsert i konsertserien Gullbring Live – denne gong UTANDØRS i Amfiet (om vèret er bra)!

Spelkvinne Johanne Flottorp (nyinnflytta gvarvianar) og gitarist Åsmund Solberg (kvart heddøl) kjende kvarandre først som bitre fiendar gjennom IL Dristug og Froland IL. Men i 2007 endte dei opp som klassekamerater på Dahlske videregåande skule i Grimstad og fann fort ut at dei kunne begrave stridsøksa gjennom den felles interessa dei hadde for folkemusikk frå regionen.

Sidan den gong har dei reist kvar sin veg både geografisk og musikalsk. Men slåttemusikken heimanfrå har dei alltid hatt med seg og som duo har dei gjennom åra utvikla ein særeigen og original spelestil.

Resultatet kom i mars i år i form av debutalbumet «Heimespel», produsert av bøheringen Mattis Kleppen. Albumet er fylt til randen av energiske slåttar frå Agder og Telemark, og etter at halve releaseturneen blei avlyst i vår, gler dei seg til å spele desse slåttane på Gullbring Live.

FY FELA så bra det kjem til å bli!!! 🎻🤩🎻🤩🎻

Dørene opnar kl 19:00 med konsertstart kl 20:00! 
Ordinær: 250,-
Student, ungdom, honnør: 150,- 

————————————————————–
STØTT LOKALE MUSIKARAR OG TEKNIKARAR!
Eit frivillig bidrag frå publikum kan vippsast til Telemarkfestivalen som vidare delar dette ut til utøvarar og teknikarar.

OBS! Det vert lagt ut 50 billettar for publikum i amfiet, og konserten vert òg strømma via Facebook.

VIPPS: Telemarkfestivalen / #103742

VELKOMEN!

2020-06-05T14:18:12+00:00 5. juni, 2020|