Du er her://Hardingfela i fokus

Hardingfela i fokus

Festivalsundagen baud på fleire gode møte med hardingfela.

Dagen starta på Bø Museum, der om lag 25 personar hadde møtt opp til omvising med tonefølgje. Spelemennene Torgeir Straand og Ottar Kåsa fortalde og spela hardingfele. Seinare fekk publikum høyre konserten «Runartromma» med Øyonn Groven Myhren. Ei vidunderleg og forunderleg familieframsyning i storsalen i Gullbring. Det musikalse bakteppet besto av eit imponerande sett med instrument, både lyrer, harper, basslangeleik, hakkebrett, bjøller, gigagongar, skeier, smellstikker, middelaldercistern, slåttetrommer, rammetromma og – sjølvsagt – runartromma.

Sundagen baud også på den tradisjonsrike Borgjakonserten, som i år er via til Lars Ingar Meyer Fjeld og har tradisjonsoverføring som tema og dreiar seg om hardingfeleopplæringa i Bø gjennom 100 år. Lars Ingar Meyer Fjeld er blant dei fremste spelemennene i landet på kappleikar nå om dagen. Til dømes fekk han andreplassen på Landskappleiken i fjor. Han var Borgjakonsertens hovudartist. Torgeir Straand var programleiar, og tok publikum med gjennom den organiserte hardingfeleopplæringa si historie i Bø. Frå starten på Borgja i 1880-åra, da Lars Fykerud og Halvor Flatland var lærarar. Seinare kom Knut Dahle frå Tinn. I 1934 kom spelemannslaget Bøheringen med Gunnulf Borgen i spissen. Seinare Folkeumusikkopplæringa i Telemark på 1970-talet, så Bø kommunale musikkskule og Bø juniorspelemannslag i 1980-åra. På 1990-talet kom Johannes Sundsvalen og overtok, fram til i dag. Sundsvalen var gjesteartist på konserten. I år har Lars Ingar Meyer Fjeld overtatt stafettpinnen.

Sundagsprogrammet vart avslutta med filmframsyning av Solens sønn, filmen om Nils-Aslak Valkeapää sitt fascinerande liv.

2017-07-30T19:44:40+00:00 30. juli, 2017|