12 år etter at dei ”gav seg”, er Gåte igjen aktuelle med ny musikk
og nye konsertar. Laurdag 11. august vert det eit heftig attersyn
med den legendariske gruppa når dei speler på årets utgåve av
Telemarkfestivalen.

Gåte vart starta av søskenparet Sveinung og Gunnhild Sundli i 1999, og dei vart eit
fenomen med si blanding av norsk folkemusikk og eksplosiv og progressiv rock, og ikkje
minst – spektakulære konsertar! I perioden 2001 – 2006 selde dei over 100 000 album, lå
på førsteplass på VG-lista, og vann Spellemann. – Dei gjorde òg en fantastisk konsert på
Telemarkfestivalen i 2005 – ein konsert det framleis gjeng gjetord om, i følgje dagleg leiar,
Kristoffer Mosfjeld.

Det tradisjonelle møter det moderne
Gåte byggjer musikken på gamalt tradisjonsmateriale. Samstundes har dei eit behov for å
skape seg noko heilt nytt. På den måten kan ein seie at det tradisjonelle møter det
moderne i musikken til Gåte. – Det er ei linje som harmonerer svært godt med
Telemarkfestivalens profil, der me likar å setje den tradisjonell folkemusikk inn i nye og
moderne uttrykksformer, seier Mosfjeld som omtalar Gåte som ei drøymebooking som
lenge virka heilt usannsynleg. – Eg har håpa på at det skulle kome saman att i mange år!

Buen-samarbeid
Gåte er for tida aktuell med EP’en «Attersyn». EP’en inneheld mellom anna to låtar der
multikunstnar Knut Buen er tekstforfattar. Gåte og Knut Buen har gitt uttrykk for ei
gjensidig begeistring for kvarande ved fleire høve, og dei har også spelt fleire konsertar
saman – til dømes på Roskildefestivalen i 2003 og på Telemarkfestivalen i 2005.

Frisk og fornya
«Nye» Gåte presenterer ei frisk og fornya tilnærming til bandets unike særpreg og
uttrykk. Dei gleder seg til seg til å utforske vidare det som på mange måtar aldri vart
fullbyrda grunna ein brå slutt for bandet i 2006. Dette er med andre ord like mykje ein
byrjing som ein fortsetjing for bandet.  Me gleder oss til å få oppleve Gåte i storform på
Telemarkfestivalen!

Lyden av Midt-Telemark
Laurdagskvelden i Gullbring har meir å by på. Heile pakka er ikkje klar, men det som er
klart er at fetivalpublikummet òg vil få høyre lyden av Midt-Telemark i form av Bø-bandet,
Ni Liv, som er aktuelle med ny musikk. Ni Liv er alltid aktuelle for Telemarkfestivalen. Me
vil sy saman ein konsertkveld som me trur vil fenge eit stort og mangfoldig publikum!