Telemarkfestivalens «slagord» gjennom mange år er i aller høgste grad dekkande for årets utgåve av festivalen; yrande folkeliv, god stemning – og sjølvsagt; fantastiske konsertar!

 

Tingingskonsert: Pål Moddi Knutsen leverte ein sterk tingingskonsert. Foto: Knut Utler

Fredag 10. august opna kulturminister Trine Skei Grande det som skulle vise seg å bli ein heilt fantastisk festival. Ho heldt ei flott opningstale der ho framheva viktigheita av å ivareta folkemusikk-arven, og musikkens samlande kraft for demokrati og ytringsfridom. Skei Grande peika på Telemarkfestivalen som ein føregangsfigur her.

Viktig og aktuell tingingskonsert
Ein strålande Opningskonsert vert følgd av tingingskonserten, «1968. 50 år etter.», framført av Pål Moddi Knutsen med band. Knutsen er eineståande formidlar og dei flotte låtane og sterke tekstar viste dei om lag 400 publikummarane musikken unike eigenskap som  talerøyr for sterke bodskap som kjenneteikna tankestrøymingane i i 1960 – og som er minst like aktuelle i dag – om ikkje meir! Låtane frå konserten får me garantert høyre fleire gonger – ettersom Moddi tar med seg materialet i studio allereie måndag 13. august!

 

Løfta taket

Laurdag 11. august bringa eit strålande opplagt band frå Akkerhaugen Rocksamfunn genuin «Woodstock»-stemning til Telemark med ein konsert som laga elektrisk stemning i salen. Fleire peikar på konserten som eit av festivalens høgdepunkt, og det oppstod ein Wirkola-situasjon for bandet som skulle spele etterpå – nemleg Gåte! Det var nok mange av dei vel 800 publikummarane som var spente på å høyre folkrock-bandet att. Dei vart ikkje skuffa. Gåte leverte ei makalaus konsertoppleving og bergtok publikum med eit spektakulært sceneshow!

Woodstock til Telemark: Akkerhaugen Rocksamfunn løfta taket på Gullbring med deira tolkingar av kjende og meir ukjende låtar knytt til Woodstock. Foto: Knut Utler


Gode tall

Telemarkfestivalen 2018 vart avslutta med ei spennande konsertprogram om Aasmund Olavson Vinje og hans lidenskap for hardingfela. Arrangørane er svært nøgde med årets festivalgjennomføring. – Alt har gått på skinner takka vere god planlegging og utruleg flinke frivillige, seier dagleg leiar, Kristoffer Mosfjeld, som ikkje har konkrete tall klare, men seier at det det ser svært lovande ut.

I 2019 feirar Telemarkfestivalen 30 år og planlegginga for eit storstilt jubileumsprogram er allereie i gong.

Telemarkfestivalen 2019 vil finne stad 8. – 11. august.