Du er her://Fy fela for ein festival me får i juli!

Fy fela for ein festival me får i juli!

I 28 år har Telemarkfestivalen vore ein arena for mangfaldig og livskraftig folkemusikk frå heile verda. Me er stolte av å kunne by på ein festival litt utanom det vanlege – ein festival som gir deg unike konsertopplevingar i idylliske omgjevnader. Telemarkfestivalen er ein arena for all folkemusikk; den folkelege, den tradisjonelle og den nyskapande. Tilbodet spenner frå det vare, vakre og nære til det intense, medrivande og utfordrande. Årets festivalprogram vil gi ei unik samling av inntrykk og uttrykk helga i gjennom, og me gleder oss til å dele årets festival med deg!

 

  • Torsdag 27. juli vert det festivalfråspark og plateslepp med bøhering og musikar, Stian Dalen og hans flotte band på Fjoset.

 

  • Fredag 28. juli startar med lunsjkonsert Husly interiørcafè med den skotske visesongaren, Ivan Drever. Laurdag 29. juli vert det lunsjkonsert på same stad med trioen Fjøllmannjentun beståande av Anne Svånaug Blengsdalen, Inger Lien og Gøril Råmo Håve.

 

  • Fredag 28. juli kjem folkedansen til Bø torg når me inviterer til ei storstilt feiring av dansen! I samarbeid med dansarringar frå heile fylket, vil me vise fram mangfaldet og dansens mange «dialektar» i Telemark.

 

  • Fredag 28. juli vert det tradisjonell opningskonsert med spanande og mangfaldige innslag frå mellom andre Raabygg, Ivan Drever, Fjøllmannjentun, Gulaza, Halvor Bringa. Forfattaren Dag Solstad vil stå for den offisielle opninga av festivalen, medan Åslaug Sem-Jacobsen vil leie konserten med stødig hand. Som ein del av opningskonserten vil me hylle to heidersmenn som diverre gikk bort i 2016 – Olav Sem og Nils Flatland. Som seg hør og bør vil det skje i form av eige program med spel og dans frå Olavs og Nils’ vener og kjente frå folkedansmiljøet i Telemark.

 

  • Fredag 28. juli syner Jon Anders Halvorsen fram årets tingingskonsert; «Langsmed Straumen». I tingingskonserten får me høyre nylaga viser som er dikta på bygdemålet som blei bruka langsmed Straumen i 1930-åra. Livet langsmed Straumen er også tema i visene som spennar frå det lyse og positive til det ettertenksame og stemningsfulle

 

  • Fredag 28. juli avsluttast med ein spennande konsertkveld i Framstugo i Gullbring kulturanlegg med Blåfolk- ei real supergruppe beståande av Mattis Kleppen, Ottar Kåsa, Rita Engedalen, Daniel Eriksen og Anne Gravir Klykken. Desse vil skipe til eit spennande konsertprogram i skjeringspunktet mellom folkemusikk og blues. Bogue Chitto med Mattis Kleppen og Kjorstad Brothers med Anders Erik Røine sørgjer for ei knalltøff avslutning på ein særdeles innhaldsrik festivalfredag!

 

  • Laurdag 29. juli inviterer me til Torgfestivalen – ein festival i festivalen. Det vil vere marknad, gratiskonsertar, Roheim-parade og artige aktivitetar for store og små. Barna kan mellom anna delta på sirkuskurs, hallingdans for mini-dansarar, natursti og ri på ponniar!

 

  • Laurdag 29. juli vert det atthøyr med «Nivelkinn»; det sagnomsuste tingingverket til Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga som vert urframført på festivalen i 2001 og fekk Spellemann-pris i 2002.

 

  • Laurdag 29. juli avsluttast med ein storveis festkveld med fem band på Gullbring kulturanlegg. Raabygg, Wilhelmsen, Heilo og Karlsen, Gulaza, Odd Nordstoga og PolkaBjørn og Kleine Heine.

 

  • Sundag 30. juli syner Øyonn Groven Myhren og slagverkensemblet SISU fram familieframsyninga, «Runartromma».

 

  • Sundag 30. juli ser me tilbake på 125 år med organisert hardingfeleopplæring i Bø som tema for årets utgåve av Torgeir Straand er programleiar og Lars Ingar Meyer Fjeld er hovudutøvar.

 

  • Sundag 30. juli avsluttast årets festival med ei framsyning av filmen, «Solens Sønn» som tek for seg den samiske multi-kunstnaren Nils-Aslak Valkeapääs liv og verksemd.

Les fullstendig program her!

 

2017-06-06T16:12:36+00:00 6. juni, 2017|