Det var få tomme sete å skimte da Telemarkfestivalen serverte opningskonsert, tingingsverk og FredagsFOLK fredag kveld. Ein bunadskledd parade inn i Storsalen markerte at nå var festivalen verkeleg i gang. Dag Solstad stod for den offisielle opninga, Åslaug Sem-Jacobsen leia konserten og folkemusikkbautaene Olav Sem og Nils Flatland blei heidra. Frå scenekanten blei publikum skjenka artistar som skotske Ivan Drever, Raabygg frå indre Agder, Fjøllmanjentun frå skattelandet Telemark, Halvor Bringa, Ottar Kåsa og hans japanske lærling Keisuke Hara, og Gulaza.

 

Tingingsverket «Langsmed straumen» avløyste opningskonserten. Verket kunne ein sjå i kinosalen. Det var det mange som gjorde. Til og med trappene blei teke i bruk som sitjeplassar. Lundheringen Jon Anders Halvorsen tok dei frammøtte med på ei musikalsk reise langsmed straumen ved hjelp av gode tekstar og dyktige medmusikantar. Han hadde med seg Tore Bruvoll på gitar og piano, Anders Røine på langeleik, gitar og munnharpe, Sondre Meisfjord på bass og Christian Svensson på perkusjon. Stemninga i kinosalen blei reint magisk.

 

Like fullstappa var det framom scena i Framstugo. Med landets dyktigaste innan blues og folkemusikk var det ei heilstøpt musikalsk pakke publikum fekk i fanget. Blåfolka Rita Engedalen, Daniel Eriksen, Ottar Kåsa, Anne Gravir Klykken og Mattis Kleppen bergtok publikum med «Bånsull og bomull».

– Eit nytt superband er skapt. Artistane fekk tilbod om å ta fleire spelejobbar saman, seier styreleiar i Telemarkfestivalen Marit Svalastog.

Kjorstad Brothers leverte høg kvalitet på smalt konsept. Brørne spela på feler medan Anders Røine bidrog på elektronisk langleik med vreng. I Bogue Chitto leverte Mattis Kleppen nok ein gong til gull, Denne gongen saman med Are Rosseland og Marius Klovning.

 

I skrivande stund gjerast Gullbring klar til nok ein festkveld. Både Unni Wilhelmsen, som har med seg Heilo og Karlsen, og Odd Nordstoga blir å finne i amfiet. I tillegg kan ein få med seg Raabygg, Øyonn Groven og Gulaza. Kveldens avslutting er det PolkaBjørn og Kleine Heine som står for. Det er ingen tvil: KOM – BLI MED PÅ FESTIVAL!