Frå 8. august til 11. august inviterer Telemarkfestivalen til jubileumsfeiring og folkefest. Med ein nøye samansett blanding av lokale, nasjonale og internasjonale namn vil festivalen gi publikum alle grunnar til å leggje turen til felebygda og bli med på feiringa!

30 år med Telemarkfestival må sjølvsagt feirast. – Det er slett ikkje alle festivalar som får oppleve å blir 30 år. Dette er me veldig stolte av, og me vil gjerne takke alle som har vore med på å løfte festivalen alle desse åra!, seier festivalsjef Kristoffer Mosfjeld som kan love eit spennande og mangfaldig program innan folkemusikk og folkedans.

Norsk stjernelag, svensk virtuositet og finsk galskap

Telemarkfestivalen er ein internasjonal folkemusikkfestival og hentar difor fleire utanlandske utøvarar til festivalen kvart år, men det er også mykje rom for lokale namn – som til dømes prosjektet «Nordjordet» med Øyonn Groven Myhren, Bugge Wesseltoft, Anne Hytta og Anders Erik Røine. – Dette er nydeleg folkemusikk med eit realt stjernelag av norske musikarar, seier Mosfjeld. Frå Sverige kjem strengevirtuosane i Väsen som òg feirar 30 år i år. – Väsen blir ganske enkelt kalla for verdas beste band, og det vert sjølvsagt stas å feire bursdag i lag med dei, seier Mosfjeld. Telemarkfestivalen likar å ha ei bredde der festivalen presenterer noko som er kjend for dei fleste, men også meir ukjend musikk som kanskje kan gje publikum ein positiv overrasking. Eit slikt band er finske Suistamon Sähkö. – Dette er finsk folkemusikk med ei herleg dose galskap som garantert vil løfte taket i Gullbring kulturanlegg, seier Mosfjeld.

Blågras med eit twist

Ei anna gruppe som Mosfjeld har stor tru på er relativt fersk i seg sjølv, men Amund Maarud og blågras-bandet Lucky Lips har svært lang fartstid i bransjen på kvar sin kant. Her møtast landets leiande gitarist og landets leiande blågras-band og lagar knallstemning på scenen med både fartsfylt og meir dempa blågras med nydelege harmoniar og Amund Maarud i toppslag. Meir blågras, men med ein liten «twist», vert det når Charlie Rackstead  & the Sticklesbergen Ramblers byr opp til laurdagsdans i Gullbring Amfi. Charlie Rackstead frå Sticklesbergen, Minnesota i USA, let seg tidleg fascinere av den norske musikkarva. For at fleire på heimstaden skulle få ta del i dette, tok Charlie ansvar. Norske klassikarar som Splitter Pine», «Mil etter mil», Kjærlighetsvisa» og mange fleire – vert omsett direkte til amerikansk og framført i beste blågras-tradisjon. – Om det ikkje er heilt nøyaktig slik ting gikk til, så er jo dette eit heilt fantastisk festleg konsept som er som skreddersydd for ein festleg festivallaurdag på Telemarkfestivalen, seier Mosfjeld.

Vakre toner på Bøhaugen

Eit av Telemarkfestivalens kjennemerke er spelemannsmøta. Det har vist seg å vere svært vellukka å presentere akustisk musikk i mindre konsertformat med spelemanns- og kvedarmøte som gir ein særeigen og intim stemning der skilet mellom sal og scene viskast bort. På festivalens siste dag vert det eit nært og fint møte i Bø gamle kyrkje med spelekvinna Johanne Flottorp frå Åmli i Aust-Agder og kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt frå Seljord. Flottorp vart nyleg nominert til Spellemann-pris for si debutplate. – Det hadde sjølvsagt vore stas med ein fersk Spellemann-vinnar i progammet, seier Mosfjeld som gledar seg til å presentere meir av programmet. – Dette er berre starten, slår Mosfjeld fast!

 

Årets utgåve av Telemarkfestivalen vil finne stad i Bø mellom 8. – 11. august!