Rundt 2000 besøkande gjorde laurdagen til ein formidabel folkefest i Gullbring amfi.

Konsertkvelden vart sparka i gang med ein fullsett storsal i Gullbring, der Odd Nordstoga og Øyonn Groven Myhren framførte det spelemannsprisvinnande verket «Nivelkinn». Det er 15 år sidan dette sagnomsuste tingingsverket vart urframført under Telemarkfestivalen, og Nordstoga og Groven Myhren kom på mange måtar heim denne kvelden. Publikum i storsalen i Bø vart på ny teke med på ei magisk reise inn i fantasiriket Nivelkinn, og kvitterte med ståande applaus.

Raabygg baud vidare på hits frå Agder med ein forrykande konsert på klubbscena i Gullbring. Stemninga var høg, og danseparet Sigbjørn Rua og Hege Johnrud tok oppfordringa om å danse framfor scena på strak arm, til stor applaus frå salen. Den nye amfiscena utanfor Gullbring kulturanlegg vart innvia med trioen Wilhelmsen, Heilo og Karlsen. Bestevenninnene Unni Wilhelmsen, Solveig Heilo og Hanne Mari Karlsen leverte ein usedvanleg samstemt energibombe av ein konsert, og trakterte eit tosifra tal instrument.

Konsertkvelden haldt fram med nydeleg musikk frå Jemen med bandet Gulaza, også dette til ein fullsett storsal i Gullbring, før amfiscena vart fylt av Odd Nordstoga med band. Nordstoga var i storform og leverte gnistrande musikk til stor jubel frå publikum. Da bøhering og felespelar Per Anders Buen Garnås entra scena som gjesteartist under Nordstoga sin «Bø-songen», tok det stemninga til nye høgder.

Med ein lyssett skog som kuliss, bålpanner og god musikk vart det magisk festivalstemning og ein folkefest. Polkabjørn og Kleine Heine sørgde for ein hysterisk morosam avslutning på kvelden med opera og jodling.

Takk til alle som gjorde dette til ein folkefest! Fleire bilete og album finn du på Telemarkfestivalen si facebook-side.

Alle foto: Øystein Akselberg.