Du er her://Dei første namna er klare!

Dei første namna er klare!

Fire dagar med folkemusikk-fest!

 

Frå 6. august til 9. august inviterer Telemarkfestivalen til folkefest. Med ein nøye samansett blanding av lokale, nasjonale og internasjonale namn vil festivalen gi publikum alle grunnar til å leggje turen til felebygda og bli med på festen!

 

Etter ein vellukka og fin jubileumsfestival i 2019 rettar Telemarkfestivalen fokus på ny festival i august. Som vanleg kan publikum vente seg mangfaldig folkemusikk frå både lokale, nasjonale internasjonale utøvarar. – Programmet byrjar å ta form og me har stor tru på at Telemarkfestivalen 2020 vert ein av dei verkeleg gode, seier festivalsjef Kristoffer Mosfjeld.

 

Frå Tasmania til Midt-Telemark

Telemarkfestivalen er ein internasjonal folkemusikkfestival og hentar difor fleire utanlandske utøvarar til festivalen kvart år, men det er også mykje rom for lokale namn – som til dømes i  prosjektet der Aasmund Nordstoga, Ingebjørg Lognvik Reinholdt  med musikarar presenterar dialektoversettingar av den skotske folkediktaren Robert Burns sine populære tekstar. Lokalt er òg hardingfeleprogrammet med Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa og Lars-Ingar Meyer Fjeld – alle busett i Bø, der dei presenterer slåttar frå dei siste 70 år – inkludert sine eigne. Litt lengre reiseveg har trioen Homebru som tek med seg livleg keltisk musikk med ein australsk snert frå øya Tasmania sør for Australia. – Det er vel fort ny festivalrekord i lengste reiseveg, tippar Mosfjeld.

 

 

Rui-jentene i ny tapning

Framsyninga om Rui-jentene har gått for fulle hus i Telemark dei siste åra. Til Telemarkfestivalen kjem framsyninga i ny tapning, der folkemusikk og folkedansen vil spele ei viktig rolle. Erik Sollied – kjend frå Valkyrien Allstars og med røtar i Morgedal – har fått det musikalske ansvaret, medan Indra Lorentzen skal koreografere inn folkedans i framsyninga. Kven veit? Kanskje me får se Gurine og Ingerine Schevenius svinge seg i ein telespringar? – Me er sikre på at dette vil slå godt an hos publikum, og at folk som allereie har sett framsyninga vil garantert få seg ein ny og fin oppleving, seier Mosfjeld.

 

 

Laurdagsgodt på LaurdagsFOLK

Mange held konsertkvelden «LaurdagsFOLK» – folkefesten i Gullbring om laurdagskvelden – som sitt høgdepunkt under festivalen med spennande musikk og fin festivalstemning. Kvelden startar med spel og dans før Ingebjørg Bratland kjem heim til Telemark og Telemarkfestivalen for ein etterlengta konsert. Ho er aktuell med plata «Papirfly». – Ingebjørg er ein våre mest folkekjære artistar, og har spelt på Telemarkfestivalen sidan ho var lita, seier Mosfjeld. Telemarkfestivalen likar å ha ei bredde der festivalen presenterer noko som er kjend for dei fleste, men også meir ukjend musikk som kanskje kan gje publikum ein positiv overrasking. – Den overraskinga trur eg bandet Crash Nomada frå Sverige kjemt til å stå for. Bandet har ein heilenergisk miks av punk og folkemusikk som garantert vil løfte taket i Gullbring, seier Mosfjeld. Bratland opnar kvelden, medan Crash Nomada avsluttar den. Kva kjem i mellom? – Det kjem me snart tilbake til, seier Mosfjeld som gledar seg til å presentere meir av programmet. – Dette er nemleg berre starten!

 

 

Årets utgåve av Telemarkfestivalen vil finne stad mellom 6. – 9. august.

 

 

 

2020-02-24T10:58:48+00:00 13. februar, 2020|