I 1993 gjesta gitartrollmann Reiersrud og bandprosjektet, «Tramp», Telemarkfestivalen. Stemninga stod i taket. No, 25 år seinare, får me oppleve den legendariske konserten i ny tapning.

Knut Reiersrud har vore ein velsedd gjest på Telemarkfestivalen i alle år. I 1993 var han i gang med eit nytt prosjekt med tre afrikanske musikarar – alle frå Gambia: Juldeh Camara, Amadou Sarr og Alagi M’Bye på cora. Knut sin makker gjennom fleire år, Paolo Vinaccia, var med på perkusjon og trommer. Prosjektet fekk namnet «Tramp». I følgje festivalsoga heiter det at; – Det blei mykje afrikansk folkemusikk, men òg litt blues og «fusion», og stemninga sto i taket!

Frå sirkus til storsal

Tramp i 1993 fann stad i eit sirkustelt på Sandvoll. I 2018 vert Storsalen i Gullbring kulturanlegg arena, og konserten vert ein del av ein spennande konsertkveld, der publikum i tillegg til denne konserten får oppleve opningskonsert, tingingskonsert og konsert med 9 Grader Nord – alt på same billett. – Fredagskvelden på årets festival vert heilt enorm, seier festivalsjef, Kristoffer Mosfjeld, som har stor tru på utseld hus. – Me har berre 350 ordinære billettar for sal denne kvelden. Dei trur Mosfjeld at forsvinn fort. Frå før er det klart at kulturministar Trine Skei Grande vil opne festivalen.

Stjernelag

Alt ligg til rette for at 2018-utgåva av «Tramp» fort kan bli like legendarisk som den opphavlege konserten i 1993. Knut Reiersrud har samla eit realt stjernelag til runde to med «Tramp». Frå originalbesetninga kjem Knut sjølv, trommeslagar Paolo Vinaccia og Alagi M’Bye flys inn frå Gambia. I tillegg kjem Mathias Eick på trompet, Audun Erlien på bass og Sidiki Camara på perkusjon og cora. – Det er eit heilt drøyt bra lag, konkluderar festivalsjefen som trur denne konserten vil stå att som eit av høgdepunkta på årets utgåve av festivalen!

Bilete over: Alagi M’Bye frå Gambia speler på sin cora – eit tradisjonelt afrikansk strengeinstrument. Knut Reiersrud skimtast i bakgrunnen. M’Bye kjem tilbake for ny konsert i 2018! (Foto: Phil Keen).