Foto: Stein Hofve

Sidan 2009 har Knut Utler fotografert på kvar einaste Telemarkfestival. På sin 10. festival stillar han ut 50 bilete med unike festivalaugneblink.

– I løpet av desse året har det blitt fleire tusen bilete frå festivalen, så det å kome meg ned til 50 bilete var ingen lett oppgåve, fortell Utler som håper at bileta på utstillinga ville vise fram den gode stemninga på Telemarkfestivalen!

Svært aktiv fotograf

Utler har dei siste åra fotografert på ei lang rekkje kappleiker, festivalar og konsertar. Fellesnemnaren for alt dette er folkemusikken, og Utler har i dag eitt av Norges største biletearkiv. Gjennom Facebook har han gjort bileta tilgjengelege for alle som måtte ønskje å sjå dei. – For meg er det viktig at de bileta eg tar i folkemusikkmiljøet vert synlege –  både for dei eg har tatt bilete av, men òg for alle dei andre, seier Utler. Samstundes er det noko heilt anna å sjå bilete i ramme på ein vegg, enn på ein skjerm. Eg synast vel ikkje a bileta ytast full rettferd sett på ein mobiltelefon., seier Utler.

Frå blues til folkemusikk

Telemarkfestivalen var han på for første gong i 2009. At det tok litt tid før han kom seg til Bø har samanheng med ein annan festival i fylket. – Eg var på bluesfestivalen på Notodden i mange år, og hadde vel et nærare band til bluesen enn til folkemusikken. No er det nok omvendt.

Telemarkfestivalen spesiell

Det er mange årsakar til at Utler kjem attende til Telemarkfestivalen år etter år. – Først og framst stor variasjon i musikkuttrykk. Her er det alt frå eksperimentell musikk med folkemusikalsk preg til det sterke og fine solo-slåttspelet. Og så er det ganske så intimt, og veldig hyggelig å være i Bø, seier Utler. Han synast det er vanskeleg å trekke fram eit høgdepunkt frå dei 10 åra. – Det har vært så mange. Men konserten med The Dubliners fredag 22. juli i 2011 ble veldig spesiell og en skjellsettande oppleving. Den gikk mens det begynte å gå opp for folk kva som eigentlig hadde skjedd i Oslo og på Utøya, seier Utler som er meir enn klar for å få fange nye augneblink på årets festival.

Smil viss du ser han!