Laster Arrangementer

Fargerike og sprudlande damer!

Den fargerike trioen beståande av Unni Wilhelmsen, Solveig Heilo og Hanne Mari Karlsen gjorde sin første konsert i lag på Gamle Ormelet på Tjøme sommaren 2013. Dette er visuelle damer med «trøkk» og sprudlande spilleglede – som leverer unike, handplukka og framfor alt handskrive låtar. Unni sørgjer for velkjende songar frå ei rikhaldig karriere, Solveig leverer heilt nye låtar for anledninga, og dei har også nokre feite coverhitlåtar på repertoaret. Dei tre bestevenninnane trakterer til saman eit tosifra tal instrumentar, og stemmane går saman i høgare einskap i lag med hjartevarm humor. Dei samanliknast gjerne med namn som Simon & Garfunkel, First Aid Kit, Nick Drake og Bon Iver – men aller mest er dei Unni Wilhelmsen, Solveig Heilo og Hanne Mari Karlsen!

Medverkande
Unni Wilhelmsen – vokal og ein heil haug med instrument
Solveig Heilo – vokal og ein heil haug med instrument
Hanne Mari Karlsen – vokal og ein heil haug med instrument

LaurdagsFOLK

Kl. 20:00 – Wilhelmsen, Heilo og Karlsen – Gullbring kulturanlegg
Kl. 21:00 – Gulaza – Storsalen, Gullbring Kulturanlegg
Kl. 22:00 – Odd Nordstoga – Gullbring kulturanlegg
Kl. 23:30 – PolkaBjørn og Kleine Heine – Framstugo, Gullbring kulturanlegg
4 konsertar for 600,- Kjøp billett

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.