Du er her://Vincent Cross
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Amerikansk trubadur med glimt i auget

Vincent Cross er ein trubadur som er fødd i Dublin, oppvaksen i Australia og er no busett i USA. Den beste venen hans er Martin – den gamle gitaren – som følgjer Vincent på den musikalske landevegen som no fører han til Noreg for andre gong. Me er fleire som hugsar det første besøket med glede – på Telemarkfestivalen 2015. Med humor og glimt i auget spelar han både eigen og andre sin musikk som stort sett høyrer heime i eit landskap med mykje blågras og røter, men også med innslag av country og blues. Ei samanlikning med nokre av dei store amerikanske visepoetane, som Bob Dylan, Woody Guthrie og Neil Young, er nok ikkje heilt bak mål. Vincent vil spele fleire konsertar i Bø i løpet av festivalhelga.

Medverkande
Vincent Cross (USA) – song, gitar, banjo

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.