Du er her://Väsen
Laster Arrangementer

Lyden av Norden!

Olov Johansson og Mikael Marin har spelt i lag sidan 1980, då dei framleis var to lovande tenåringar på veg opp hierarkiet innan nordisk folkemusikk. På vegen møtte dei Roger Tallroth under eit spelemannsstevne på Røros. Ein av Nordens mest kjente folkemusikktrioer var eit faktum. Dei har sidan starten turnert alle kontinentar, dei har gitt ut nesten 20 album og dei har begeistret både publikum og medmusikarar verda over. Somme omtalar Väsen rett og slett som verdas beste band! Dei har til og med fått ei gate oppkalt etter seg i USA; Väsen street, i Bloomington, Indiana. Slikt skjer ikkje ofte for utøvarar innan den nordiske folkemusikken, og det fortel noko om deres posisjon som premissleverandørar til andre folkemusikarar. I manges øyrar er rett og slett lyden av Väsen det same som lyden av Norden. Både Väsen feirar og Telemarkfestivalen feirar 30 års jubileum i 2019. Du er invitert!

Medverkande
Olov Johansson – nyckelharpe
Mikael Marin – fele
Roger Tallroth – gitar

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.