Du er her://UngFOLK
Laster Arrangementer

Høyr framtida i norsk folkemusikk allereie no!

UngFOLK kjem til Telemarkfestivalen med høge spark og spente bogar! Etter ei veke med spel og dans er UngFOLK klare for å halde konsert på Telemarkfestivalen. Det vert tradisjonelt felespel og dans, samt tradisjonell forteljarkunst og nyare folkemusikkuttrykk i samspel og band. UngFOLK er eit sommarkurs for born og unge mellom 8 og 20 år. Gjennom ei lita veke får kursdeltakarane lære slåttar og stev, pardans og lausdans. Slik tradisjonen er, tek UngFOLK turen til Bø og Telemarkfestivalen for å oppleve artistar og halde konsert. Få med deg folkemusikarar frå neste generasjon!

Medverkande
Talent innan spel, dans og song frå Telemark!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.