Laster Arrangementer

Eksklusivt møte mellom kveding og fløyte

Vokalist Torhild Ostad og fløytist Silje Hegg har kjend kvarandre i 25 år, og dei har fleire gonger snakka om at dei har lyst til å halde konsert i lag, men det har aldri skjedd – før no! Under Telemarkfestivalen møtast dei til det som vil vere ein intim og nær konsert i Bø gamle kyrje. Ostad og Hegg trivast i dei små rom. I små rom med lukt av tre og tjære? Harde benker og mjuke toner? Akustisk, reint, direkte og varmande. Det store i det enkle. Det nye i det gamle. Kanskje klarer dei å varme nokre sjelar og opne nokre hjartar? Kven veit?

Medverkande
Torhild Ostad – vokal
Silje Hegg – fløyte

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.