Laster Arrangementer

Har du høyrt om tuddølen, heddølen og bøheringen?

Når Sigmund Groven, Knut Buen og Halvor Kleppen kjem på scena i Gullbring laurdag 14. august, er det fyrste gong desse tre er samla på eit brett. Sigmund og Knut er, saman med Anne Gravir Klykken, aktuelle med CD-utgjeving med tonar frå Telemark, og Sigmund og Halvor arbeidde saman i NRK på 70-talet og turnerte på Vestlandet.

Da Knut og Halvor hadde program i Bø for tre år sidan, skreiv Bø Blad: «Ingen med gangsynet i behald kan ha gått skuffa heim. (…) Fulltreffar for Buen og Kleppen.»

Programmet er sett saman av tonar, dikt, tankar, skrøner og samtale med tre kjente og godt vaksne karar frå Telemark.

Ein tuddøl, ein heddøl og ein bøhering.

Medverkande
Halvor Kleppen – skjemt og alvor, prat
Knut Buen – skjemt og alvor, hardingfele
Sigmund Groven – skjemt og alvor, munnspel

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.