Du er her://Tingingsverket 2019: «Haugebonden»
Laster Arrangementer

«Haugebonden» i ny drakt

Kulturarv, tradisjon og røter er viktig for å behalde sjangeren, men at det òg er viktig å utvikle sjangaren vidare – slik at sjangaren kan leve vidare i samtida og i framtida. Ruth Wilhelmine Meyer er ein utøvarar som i særleg grad beherskar denne dualiteten i folkemusikk-uttrykket – noko ho vil bere med seg inn i tingingsverket for Telemarkfestivalen 2019, «Haugebonden». Telemarks-versjonen av den kjende balladen etter Agnes Buen Garnås vil vere det melodiske grunnlaget, og tingingsverket er òg dedisert til Buen Garnås. Framsyninga vil ha si hovudvekt på musikken, men vil vere eit kunstnarisk samspill mellom musikk, dans og visuelle uttrykk – «Haugebonden» i ny drakt!

Medverkande
Ruth Wilhelmine Meyer – komponist, song
Espen Leite – komponist, trekkspel
Tuva Syvertsen – song, hardingfele
Per Anders Buen Garnås – hardingfele
Utøvarar frå Folkemusikk fordjuping – dans
Kyrre Heldal Karlsen – lysdesign, visuelle effektar
Bent Gjersvik – lyddesign
Silje Onstad Hålien – regissør

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.