Du er her://Tingingskonsert: Moddi – «1968. 50 år etter.»
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Årets tingingskonsert vert framført av Pål Moddi Knutsen!

I år er det femti år sidan året som har blitt omtalt som «det mest historiske i verdshistoria». Den musikalske og kulturelle oppblomstringa som fann stad i USA, Frankrike – og Noreg – på slutten av seksti-talet, har framleis verknad på musikken me høyrer på i dag.

Opprør mot foreldregenerasjonen, krigsmotstand, miljøvern, atompolitikk, kvinnefrigjering, Black Power og urfolkspolitikk var nokre av tema som ble tatt opp i kunst og musikk. I dag, femti år etter, er mange av dei same tema igjen aktuelle. Igjen truar verdas leiarar med atomvåpen, klimaendringar har på ny satt miljø på agendaen, #metoo og #blacklivesmatter pregar nyhetsbiletet. Men der sekstiåttaranes kamp vart fylt med flower power, kjærleiksbodskap og drøymer om fred, virkar det i dag naivt å tro at noko slikt nyttar. Likevel går det ikkje an å gi opp.

Pål Moddi Knutsen har latt seg inspirere av «sekstiåttaranes» politiske bevissthet, kreativitet og framtidstro til å skrive songar for vår eigen tid. Ei tid der «fredsnasjonen» Norge  er storeksportør av krigsmateriell. Ei tid der «fake news» og «digitale ekkokamre» truer demokratiet. Ei tid der skiljet mellom «oss» og «dei» igjen ser ut til å bli større. Ei tid der menneskeskapte klimaendringar verkar openbare for alle, samtidig som ein kvar skjerm, høgtalar og reklameplakat ropar at me må forbruke meir.

Det er ikkje mangel på ting å lage nye låtar om når Pål Moddi Knutsen skipar til årets tingingskonsert på Telemarkfestivalen.

Medverkande
Pål Moddi Knutsen – vokal, gitar, trekkspell
Jakob Janssønn – perkusjon
Lars Jakob Rudjord – piano
Håkon Aase - fele

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.