Du er her://Jubileumskonsert (Opningskonserten)
Laster Arrangementer

Ein musikalsk festkonfekt!

I høve festivalens 30 årsjubileum døpast Opningskonserten om til «Jubileumskonserten». Her vil me gi publikum nokre musikalske smakebiter frå festivalprogrammet, samt nokre overraskingar. Dei musikalske innslaga vert som vanleg mange og varierte med både kjende og ukjende utøvarar frå fjern og nær – som alle vil spegle den musikalske festen som Telemarkfestivalen er. Me kjem til tilbake med meir informasjon om program for jubileumskonserten.

Velkomen til ei nydeleg konfekteske av ein konsert!

Obs! I år vil det igjen vere mogleg å kjøpe enkeltbillettar til denne konserten.

Medverkande
Mer info kjem!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.