Du er her://Suistamon Sähkö
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Finsk galskap

Suistamon Sähkö frå Finland er eit band som ikkje er redd for å blande heilt vilt og låne hemningslaust frå sine inspirasjonskjelder. Med ein base av moderne elektronika og tradisjonell folkemusikk frå Karelen – blanda med eit trekkspel frå St.Petersburg, så vert dette ei spennande og dansande reise langt inn i den finske folkesjela. Dette bandet har fått folk til å danse seg inn i transe over heile verda, og med inspirasjonskjelder som gamle bygdekart, vannkraftverk og karelsk poesi skjønnar dekkan at dette får ein ikkje oppleve på så mange andre festivalar i sør for Polarsirkelen. Gjer dekkan klare for ei herleg dose finsk galskap på Telemarkfestivalen!

Medverkande
Anne-Mari Kivimäki – vokal, trekkspel
Antti Puumulainen – keys, vokal, beats
Reetta-Kaisa Iles – vokal, trekkspel
Tuomas Juntunen – vokal

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.