Du er her://Sudan Dudan
Laster Arrangementer

Endeleg ny musikk frå Sudan Dudan!

Å vente på ny musikk frå denne duoen, er som å lengte heim. No kjem endeleg  den fjerde plata og stiller lengten med  ”Heimen der ute”. Fem år er gått sidan Marit Karlberg og Anders Røine ga ut plata ”Inntil i dag”. Platemeldarane var over seg. Smale og små publikasjonar, breie og riksdekkande aviser; alle var dei fulle av lovord, terningane trilla til femmarar og seksarar. – ”Årets beste norske plate” er store ord for ein liten duo frå folkemusikk-land. Sudan Dudan  har eit trufast publikum i folkemusikkmiljøet. Både Karlberg og Røine står fjellstøtt i tradisjonsmusikken gjennom song, langeleik, fele og munnharpe. Som mange andre konstellasjonar finn dei inspirasjon i andre sjangrar som country og bluegrass, men også i ørkenblues og salmesong. Slik er det også i ”Heimen der ute”.

 

Fredag 10. august kjem duoen «heim» til Bø og Telemarkfestivalen!

Medverkande
Marit Karlberg – vokal, langeleik
Anders Røine – vokal, langeleik, gitar, harmonium, fele

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.