Laster Arrangementer

Lokal trubadur ut av guterommet

Stian Dalen er ein musikar og låtskrivar frå Bø i Telemark. Han har i mange år spelt frilans i lag med ulike band og artistar som Ugras, Ni liv, Byting og Emil Solli Tangen. Stian kjem no ut med si fyrste soloplate, som har fått namnet ”Gutterom”. Om dette er innanfor vise-, folk-, eller singer/songwriter-sjangaren får vere opp til øyret som høyrer, men at det er innanfor dette landskapet er sikkert. Musikken er variert og inneheld alt frå melankoli til meir lystige stemningar. Tekstane er lågtsvevande skildringar av kvardagslege karakterar, som til dømes han som sit heime og ventar på at drøymedama skal dukke opp, ein kar i midtlivskrise som kler seg ut som superhelt når kjerringa er vekk, eller han som hamnar tilbake på guterommet der alt er som det alltid har vore.

 

Medverkande
Stian Dalen – vokal, gitar
Jon Solberg – banjo og fele
Jan Birger Akkerhaugen – gitar 
Knut Olav Sandvik – kontrabass 
Jostein Rørmark – trommer

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.