Du er her://Spaden må gå jamt – Rui-jentene som møtte Kongen
Laster Arrangementer

Historia om dei to små systrene Ingerine og Gurine Schevenius, frå den vesle plassen Rui på Dalen i Telemark, som kom til…

Historia om dei to små systrene Ingerine og Gurine Schevenius, frå den vesle plassen Rui på Dalen i Telemark, som kom til kongen, var kjend og kjær i si samtid, og ho vekker framleis gjenklang hos mange. Ingerine og Gurine fann glede i det enkle livet på Rui. Sjølv om dei hadde midlar til å gjera arbeidet lettare, levde dei etter sin fars filosofi om nøysemd. Kva er det me moderne menneske ikkje kan sjå, men som dei så klart og tydeleg såg, der dei streva og arbeidde oppe på sitt vakre, men akk så enkle og gamaldagse Rui? Og korleis blir to syskjen forma av kvarandre etter å ha levd eit langt liv i tosemd, og i gjensidig avhengnad?

I førestillinga får ein møte Ingerine og Gurine, og ta del i deires liv. Ein møter dei heime på Rui, i friskt samspel med publikum i salen, og får vera med på den store reisa frå Dalen til Oslo. Me ynskjer å gje publikum eit nært, varmt, og ekte møte med Ingerine og Gurine, eit møte fylt med humor, og til undring og ettertanke.

Framsyninga om Rui-jentene har gått for fulle hus i Telemark. Til Telemarkfestivalen kjem framsyninga i ny tapning, der folkemusikk og folkedansen vil spele ei viktig rolle. Erik Sollied – kjend frå Valkyrien Allstars og med røtar i Morgedal – har fått det musikalske ansvaret, medan Indra Lorentzen skal koreografere inn folkedans i framsyninga. Kven veit? Kanskje me får se Gurine og Ingerine Schevenius svinge seg i ein telespringar?

Medverkande
Sylvia Salvesen – regi
Hæge Manheim spelar Ingerine
Inger Merethe Johnsen spelar Gurine.
Erik Sollied – hardingfele
Indra Lorentzen - koreografi

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.