Du er her://«Såmmårsleg i Amfiet»
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Lyden av Midt-Telemark

FESTKONSERT I GULLBRING!

Laurdag 8. august skipar me til festkonserten «Såmmårsleg i Amfiet» i Gullbring! Her vil me vise fram noko av det fantastiske musikklivet me har i regionen!

Det vert tale ved vår flotte ordførar Siri Blichfeldt Dyrland og Ottar Kåsa, Johanne Flottorp og Lars-Ingar Meyer Fjeld framførar «Samanslåtten». Det vert dans frå Even og Vilde Westeng, det vert meir folkemusikk frå Vestfold, og det vert spennande innslag frå Akkerhaugen Rocksamfunn – med meir!

Konserten vert leia av Ingebjørg Bø!

Obs! Konserten flyttast inn i Framstugo om vèret er dårleg.

Velkomen!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.