Du er her://Ruth Wilhelmine Meyer, Knut Buen og Anders Røine
Laster Arrangementer
  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Spennande møte mellom strupe og strengar

Ole Bull var oppteken av at fiolinen måtte synge som Malibran. Hennar stemme blei eit ideal for tonekvaliteten i instrumenta han sjølv spela på. Utgangspunktet for denne konserten er det same. Ruth Wilhelmine Meyer har ei stemme som kan oppfattast som instrumental i sitt skiftande mangfald. Anders Røine har mykje røynsle frå å få instrumenta til å synge og det same har Knut Buen frå livet med hardingfeler. Dei møtest difor i denne konserten til ei ytring og heidring kring song og songarar, men fyrst og fremst kring stemmemangfaldet til Ruth Wilhelmine Meyer. Dei er også samla i gleda over tradisjonell og nyskapande song. Velkommen til eit spennande møte mellom strupe og strengar i praktfulle Ville Lunde!

Obs! Det vert satt opp gratis taxibuss frå parkeringa ved Bø kommunehus med avgang kl 15:15 og retur frå Villa Lunde ca kl 17:30! Kun 16 plassar. Her er det førstemann til mølla-prinsippet som gjeld.

Medverkande
Ruth Wilhelmine Meyer – vokal
Knut Buen – hardingfele
Anders Røine – langeleik, gitar

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.